Frå no av seier politikarane nei til vindmøller

Jan Ove Hanasand frå Arbeidarpartiet fekk skryt frå fleire hald for å forslaget han kom med.

Jan Ove Hanasand frå Arbeidarpartiet fekk skryt frå fleire hald for å forslaget han kom med. Foto:

Inntil måndag kveld var den offisielle haldninga til Gjesdal kommune at dei i utgangspunktet er positive til ny vindkraft. Men no har vinden snudd.

DEL

I 2013 vedtok kommunestyret i Gjesdal at dei i utgangspunktet er positive til vindkraft. Nyleg foreslo Jan Ove Hanasand frå Arbeidarpartiet å innføra ei mellombels endring av denne haldninga.

Vil sjå konsekvensane

Hanasand meiner at mykje har endra seg sidan då. Han viser til at eit kraftverk blir bygd på Måkaknuten, og at NVE har godkjent bygginga av eit anlegg på Gilja, som ifølgje Hanasand blir svært dominerande i landskapsbildet. I tillegg er det bygd ut fem vindturbinar ved industriområdet på Skurve.

No meiner han det er på tide at Gjesdal kommune seier nei til godkjenning av nye anlegg. Dette neiet skal bli ståande til ein har sett konsekvensane av anlegga som er og skal bli bygde. Han siktar til konsekvensar for innbyggarar, naturen og friluftslivet, og han ønskjer å sjå kva behov det eigentleg er for denne krafta. «Er det på tide å stoppe opp og se om vi trenger flere vindkraftanlegg i Gjesdal, og heller prioritere naturen fri for slike anlegg i fremtiden?», spør Hanasand han i ein interpellasjon til ordføraren.

Formannskapet støtta forslaget samrøystes då spørsmålet blei teke opp der. Måndag skulle kommunestyret ta endeleg stilling til om dei ønskte å endra vedtaket frå 2013. Også der fekk Hanasand medvind.

– Hovudlaus utbygging

Marit Høie frå Høgre kritiserte vedtaket frå 2013.

– Av alle vedtak kommunestyret gjorde i førre periode, er dette i særklasse det verste. Vinden har snudd, og folk ser kva ei industrialisering av naturen har ført til. Folk vil ikkje vera med på ei slik hovudlaus utbygging. Me vil ta vare på naturen og stilla, både for oss sjølv og etterkomarane våre.

Ho viste til den ferske FN-rapporten som varslar om stort tap av biologisk mangfald.

– Me kan ikkje halda fram med å legga industriområde i intakt natur, sa Høie, som vil verna om dei artane som lever i området.

Marit Høie frå Høgre gav full støtte til Jan Ove Hanasand.

Marit Høie frå Høgre gav full støtte til Jan Ove Hanasand. Foto:

Til slutt retta ho ein takk til Hanasand for å ha sett spørsmålet på agendaen.

– Giljastølen synest å vera tapt. La det bli det siste vindkraftanlegget som blir bygd Gjesdal, sa ho.

Det er Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) som gjev konsesjonar til nye vindkraftanlegg. Nyleg lanserte dei eit forslag til ramme for nasjonal vindkraft på land. Her er også delar av Gjesdal vurdert som eigna for nye anlegg.


Artikkeltags