Det er valgomat-tid, der alle store og små medier har gjort det mulig for oss å sjekka ut kven me er enige med før kommunevalget. I valgomaten seier også toppkandidatane kva som er viktig, slik at me kan legga forventningar til valkampen.

Eit av dei punkta eg har merka meg, er at nokon vil ha bort sløsing av offentlege ressursar. Det kan godt vera at dette gjeld på landsplan, men nå står me føre eit kommuneval, og då relaterer me både saker og det som blir sagt til kommunal drift.

Då eg kom inn i politikken i 2015 skal eg innrømma at eg òg hadde tankar om at det må jo vera områder der det kan flyttast på pengar, kuttast i drift eller endrast på organiseringa.

Men etter mange møter i både formannskap, administrasjonsutval, kommunestyre og ikkje minst; alle møter med dei som arbeider i kommunen, så har eg lært at sakene ofte ikkje ser slik ut på innsida som frå utsida.

Eg har fleire gode vener som arbeider i kommunen, som jamt gir oppdatering om korleis kvar krone blir brukt både to og tre gonger på ein fantastisk kreativ og ansvarsfull måte.

Som varaordførar sit eg også så nær drift at eg trur eg kan meina med stor sikkerheit at det ikkje finns ein einaste lærar, omsorgsarbeidar, bibliotekar, renovatør, leiar eller tillitsvalt i kommunen som meiner at me driv med sløsing.

Eg har fått stor respekt for den disiplinen som blir vist i organisasjonen når det gjeld rammer for drift.

Alle i det sitjande kommunestyret har forplikta seg til ein kommuneplan med klare mål:
- Folkehelse.
- Attraktive lokalsamfunn.
- Tidlig og helhetlig innsats for barn og familier.

Så kan me vera ueinige i partia om korleis ressursane skal fordelast mellom desse måla, og korleis det skal verta synleg i vår kommune i forhold til barnehagetilbod, skulebygging, eldreomsorg, vegbygging eller eigedomskatt og avgifter.

Men det er der den aktive politikken ligg, bygd på dei enkelte partia sitt verdigrunnlag og partiprogram – det er ikkje det same som sløsing.

Senterpartiet sitt program er tydeleg på desse satsingane med særleg vekt på barna dei første tre leveåra. Doble barnehageopptak er eit viktig tiltak her. Fleire tiltak kan du finna i vårt partiprogram.

Ta valgomaten, ver aktiv i debatten og bruk stemmeretten din. Det er viktig for både store og små politiske saker, og for viktige avgjerder politikarane skal ta på vegne av innbyggarane i heile Gjesdal.