Ungdom fortel om meir psykiske plagar og dårlegare sjølvbilde i fersk undersøking

Sven Gustafsson frå Korus presenterte svara frå ungdommane for representantar for Gjesdal kommune.

Sven Gustafsson frå Korus presenterte svara frå ungdommane for representantar for Gjesdal kommune.

– Eg liker det ikkje, sa Sven Gustafsson då han la fram dei lokale resultata om psykisk helse frå Ung i Rogaland-undersøkinga.

DEL

– Resultatet går feil veg over heile linja. Det er meir psykiske plagar, meir einsemd, dårlegare sjølvbilde og skuletrivsel. Dette gjeld mange kommunar i Rogaland med Bjerkreim som eit skinande unntak, seier Sven Gustafsson.

Han jobbar ved Kompetansenter Rus (Korus) og er komen til Gjesdal for å presentera nokon av resultata frå årets Ung i Rogaland-undersøking. Undersøkinga blei gjennomført i mars på alle ungdomstrinna i Gjesdal. Her svarer ungdommane sjølve på korleis liva deira er. Undersøkinga blir gjennomført kvart tredje år. Ho er meint å vera eit verktøy for å forstå og betra levekåra til ungdom.

Dårlegare sjølvbilde

På spørsmålet om kor mange som er nøgde med korleis dei ser ut, har det vore ein nedgang frå 64 prosent i 2013 og 2016 til 53 prosent i 2019. I 2016 svarte 81 prosent at dei likte seg sjølve slik dei er. I 2019 var talet 69 prosent.

– Det er ein signifikant nedgang. Sjølvbildet er kraftig forverra, seier Gustafsson.

Han meiner sjølvbildet i stor grad er knytt til relasjonar, og i ikkje fullt så stor grad til prestasjonar. 88 prosent opplever at dei har god meistring.

– Meistringsevna held seg høg. Dette er oppløftande i alle kommunane, seier han.

Psykiske plagar

Ungdommane har svart på seks spørsmål om psykisk helse. Desse gjekk mellom anna på svevnproblem, kjensla av å vera ulykkeleg eller deprimert, håpløyse og bekymringar. Elevar med samla låg poengsum på desse spørsmåla er blitt klassifiserte med høg grad av psykiske plagar. Heile éin av fem ungdommar rapporterer om høg grad av psykiske plagar. Dette er ein oppgang på fem prosent frå 2016 og ni prosent frå 2013.

– Eg liker det ikkje. Gjesdal representerer gjennomsnittet i psykisk helse. I Rogaland ser me ei forskyving mot at fleire har det tungt. Me har ein ungdomsgenerasjon der sjølvbildet er svekka og den psykiske belastninga er høg, seier Gustafsson.

Han meiner ikkje at dette er foreldra si skuld.

– Det er veldig god foreldrekontroll i Gjesdal. Foreldra gjer ein god jobb, seier han, basert på tal som viser av over 90 prosent fortel at foreldra deira veit kvar ungdommane er, kven dei er saman med og kjenner dei fleste venane deira.

93 prosent fortel at dei har minst éin ven dei kan stola på og fortelja alt til. Men 24 prosent, 5 prosent fleire enn i 2016, har den siste veka kjent seg plaga av einsemd.

Lågare skuletrivsel


89 prosent av åttandeklassingane i Gjesdal trivst på skulen, medan 74 prosent av niandeklassingane og 84 prosent av tiandeklassingane gjer det same.

– Det har vore ei negativ utvikling i dei fleste kommunar når det gjeld skuletrivsel. Gjesdal er ikkje noko unntak. Det er overhovudet ikkje greitt at 35 prosent gruer seg til å gå på skulen, seier Gustafsson.

Han meiner ikkje at dette skuldast lærarane.

– Eg trur dei fleste lærarane vil bry seg om elevane om lærarane er mange nok og har tid nok til det, seier han og oppfordrar politikarane til å prioritera skulen slik at lærarane får tid til å utøva yrket slik dei ønskjer.

33 prosent i Gjesdal opplever skulepress svært ofte, mot 20 prosent i Rogaland.

– Det finst ei objektiv og ei subjektiv side av dette. Det er greitt at det er eit objektiv press der det blir venta at ein skal prestera. Men nokon opplever eit enormt sterkt subjektivt skulepress som går over styr. Dei som opplever høgt skulepress, er sterkt overrepresenterte blant dei som har psykiske plagar.

Rus

Gustafsson ser også endringar når det gjeld bruk av cannabis og alkohol. 82 prosent har korkje brukt cannabis eller drukke seg synleg påverka av alkohol det siste året. I 2016 var talet 88 prosent.

– Fleirtalet framleis fråhalds. Men me skal ta auken på alvor. Det er ein sterk korrelasjon mellom alkoholbruk og hasj. Dess meir ein drikk, dess meir hasj bruker ein.

93 prosent har ikkje brukt hasj, marihuana eller cannabis det siste året, mot 98 prosent i 2013.

Gustafsson registrerer ei haldningsendring til hasj. I 2016 meinte 67 prosent at det minka statusen mykje å bruka hasj, medan talet var nede på 48 prosent i år. No meiner 31 prosent at det ikkje har noko å seia for statusen, mot 19 prosent i dei to førre undersøkingane.

– Det er ein dramatisk nedgang i dei som synest hasj minkar statusen. Me må gjera det meir negativt å røykt hasj.

– Mykje å undra seg over

Til stades var mellom anna fleire representantar frå leiinga i Gjesdal kommune, ordføraren og politikontakten. Neste veke vil elevråda bli orienterte om resultata, før alle ungdomsskuleelevane skal bli gjort kjende med dei i juni.


Trond Niemi, rektor på Gjesdal ungdomsskole, var blant tilhøyrarane.

– Det var mykje å undra seg over. Ein skal ta stemma til ungdommane på alvor. Eg er overraska over at så mange gruar seg til å gå på skulen, seier han.

Presentasjon ungdata, Trond Niemi

Presentasjon ungdata, Trond Niemi


Artikkeltags