Gå til sidens hovedinnhold

Turlaget gjekk til Vådlandsknuten: – Har du eit problem, så skal du gå til heis med det. Der finn du løysinga

Artikkelen er over 2 år gammel

Er det nokon minne som har brent seg fast hjå Helge Ravndal, er det dei der han er på tur. Dei beste turane er gjerne når det bles og regnar, men selskap frå Jæren turlag i strålande solskinn er heller ikkje å forakte.

Det er den jamne duren av folk på ferd. Sko mot stein, jord og sand. Ei stund høyrest rester av samtaler lenger bak i rekka, ein kort latter, eit bekreftande svar. Brått stilnar stemmane, me berre går, og treng ikkje snakka lenger. Ein jamn straum av vandrande føter. Det er tunge sko og lette sko, lange steg og trippande steg, det er myra som slurpande slepp skoa opp att, det er den smattande lyden av sko mot sorpe. Lyngen skrapar mot skoa, stråa vik lettare for føtene som fêr forbi. Eit host og eit kremt kan høyrast gjennom rekkja, elles er det berre lyden av vandrande folk. Svisjande lydar frå høgteknologisk turutstyr og mjukare lydar frå dei godt brukte bomullsbuksene. Ei lang rekkje kroppar med sundagspuls, litt sveitte i ryggjen og heilt i fred med sine eigne tankar, men på same tida eit felleskap. Slik kan det vere å gå på tur med Jæren Turlag.

801 meter over havet

Målet for vandringa er Vådlandsknuten i Gjesdal kommune, heilt på grensa til Bjerkreim. Jæren turlag arrangerar jamnleg fellesturar i dei fire kommunane som tilhøyrer laget; Gjesdal, Klepp, Time og Hå. Dagens turleiarar, Målfrid Tjora og Siri Berland Reinertsen, leier gruppa trygt fram. Dei erfarne og turglade damene vert også kalla «solskinsjentene», då det er mest som garantert sol og fint vær, når dei arrangerar turar ilag. Ei leier gruppa i front, den andre passar på i bakre ende av rekkja, og avpassar farten etter behovet i gruppa. Alle skal med.

Turleiar Tjora tok oss med på de brattaste ruta, opp frå den nedste parkeringsplassen. Det er ein tur som i høgste grad kan setje deg i kontakt med både kropp og sjel. Kroppen svir og sjela dansar. Vegen opp ertidvis bratt, men byr på framifrå utsikt og nydelege fargar oppover bakkane. Vel framme på toppen, er utsikta mektig. Vådlandsknuten ligg på 801 meter over havet og syner på godversdager ei vidstrakt panoramautsikt mot Ryfylkebassenget, Nordsjøen, Høgjæren, Bjerkreimssendaren, Trodlakyrkja, Gloppedalen, Østabødalen og Frafjord. Her er god plass for fleire grupper til å ta pause og kvile i utsikta. På veg ned att, kan ein velje ulike ruter. Ein kan gå fleire vegar attende til Madland, eller ein kan velje å gå til Gilja via Dokkolstølen eller Brekkestølen, og ein kan velje å gå til Dirdal via Dirdalstølen. Me fek gleda av ein rundtur på veg attende til Madland, med ei nydeleg rute langs dei finaste fjellvatn og rolege stiar.

Å bli med på ein oppsett, arrangert tur ilag med andre, er ein veldig god måte å bli kjent med nye ruter og nye turar på. Det er trygt å bli leia fram på framande plasser, så kan ein lettare ta seg fram på eiga hand ein annan gong. På ein slik tur skal ein halde eit tidsskjema, neste gong kan ein nyte turen endå meir, med lengre pausar og tid til å glo i lyngen eller la tankane flyte ut i himlaleite.

Trufast travar

Ein av dei på turen som verkeleg har vore ute og gått «ei vinternatt før» som ordtaket seier, er Helge Ravndal. Han er ein av dei stille slitarane, som kan gå i det uendelege på same turtal og tempo. Ikkje plagar han nokon med overvettes mykje snakking heller, men likar seg godt i fjellet, og deler av kunnskapen om nokon spør etter.

– Har du eit problem, så skal du gå til heis med det. Der finn du løysinga, den kjem gjerne til deg medan du går, seier han.

Dei andre på stien som er i rekkevidde til å ta del i samtalen, nikkar bekreftande, og tilføyer at det å gå på tur gir vidsyn og løftar dagen.

Ravndal fortel at det han hugsar best frå livet sitt, er turane. Dei beste turane er gjerne dei når det verkeleg bles og regnar. Det kan kjennast stivt og tungt i starten, men så lir det litt på, beina kjem inn i rytmen, og då er det ikkje noko som er betre. Helge er av den sorten som er så glad i å røyne kroppen sin, at han ein somar la iveg på tre vekersvandring frå Sirdalsheiane til Jotunheimen.

– Det kjennest godt å slita seg ut og erfare at kroppen virkar slik den skal, seier han.

Fellesskap

Fellesskapet i gruppa veks etterkvart som ein er med på turane til Jæren turlag. Mange kjenner kvarandre no,- dei treffest jamt på desse turane, andre er innom og helsar på når dei har tid, og er like velkomne. I gruppa deler dei gode historiar og tips til turar det er verd å gå. Breidden i alder og livsbakgrunn gjer også at det er læreikt og interessant. Her er ope for alle til å delta, det kostar ikkje ei krone anna enn det du kostar på deg av klede, matpakke og eventuell bensin for å kome til oppmøtestaden. Her er mange ulike menneskje, i storleik, alder, erfaring og utrustning, einslege og par ilag. Vil du vere åleine med dine eigne tankar- så får du det. Vil du skravle, så kan du det. Vil du kjenne fellesskapet ilag med dei andre, men ikkje nødvendigvis ynskjer å dele av ditt indre sjelsliv, så kan du det, det er mange andre som fortel soger du kan høyre om, medan du stimar avgarde i løypa ilag med dei andre.

Mellom turfolk er det vanleg å «samle» på turar. Nokre samlar på DNT-hytter, og vil krysse av for å ha vore på så mange som mogleg. Andre samlar på dei høgaste toppane i kvar kommune, og finn stor glede i å krysse av på kartet over kor dei har vore. Å samle på 7-mils-støvelmål er også ei greie du kan bli biten av, om du vert på lag med turskoa.

Stavanger Turistforening bestemte for nokre år sidan at dei ville satse på lokale turlag, slik at folk kan gå tur der dei bur. Sandnes turlag vart raskt ein suksess, året etter vart Jæren turlag danna, med kommunane Hå, Klepp, Time og Gjesdal som turområde. Dei arrangerar turar for alle aldersgrupper. Gjesdalbuen fulgte fjelltur-gruppa til Vådlandsknuten, men dei har òg eit eige turlag for barn og familiar, eit prosjekt som satsar på turar i nærområda der folk bur, og Høgt og Lågt, som er tilrettelagt seniorføter på 60 år og meir. Alle kan vere med og gå, anten ein er medlem av turistforeininga eller ikkje.