Matheo (6) blei med på nytt tennistilbod for dei yngste

Matheo Lid (6) ser etter ballen etter å ha slått eit backhand-slag.

Matheo Lid (6) ser etter ballen etter å ha slått eit backhand-slag. Foto:

Den fyrste tennistreninga på mange år blei laurdag arrangert i Gjesdalhallen.

DEL

«Vi gleder oss veldig til å arrangere den første tennistreninga på Ålgård på over 20 år og håper på godt oppmøte og god stemning», skreiv Ålgård tennisklubb på Facebook då dei inviterte til tennistrening for barn mellom 6 og 10 år.

Åtte ferske spelarar møtte opp og fekk kvar sin rekkert i handa.

– Det fyrste slaget de skal læra, er forhand. Sjå føre dykk at de held ein hammar, seier trenar Christoffer Salvesen.

Deltakarane lærer seg å halda racketen med forehand-grep. Trenar Christoffer Salvesen hjelper Pernille Salvesen. Så følgjer Ulrikke Salvesen, Greta Karužé, Charlotte Sørbø Sviggum, Brage Reigstad, Matheo Lid, Kasper Elias Soltvedt Fosse, Stian Rohr og Hedda Salvesen

Deltakarane lærer seg å halda racketen med forehand-grep. Trenar Christoffer Salvesen hjelper Pernille Salvesen. Så følgjer Ulrikke Salvesen, Greta Karužé, Charlotte Sørbø Sviggum, Brage Reigstad, Matheo Lid, Kasper Elias Soltvedt Fosse, Stian Rohr og Hedda Salvesen Foto:

Barna får så prøva slaget i praksis, før dei får ei innføring i backhandslaget.

–Ta rekkerten under armen, som om de held ei avis. Og så tek de rekkerten med begge hender, instruerer Salvesen.

Brage Reigstad (7) konsentrerer seg før ballen kjem.

Brage Reigstad (7) konsentrerer seg før ballen kjem. Foto:

Glade foreldre

Langs sidelinja stod fleire foreldre og følgde med.

– Det er veldig kjekt at barna kan få spela tennis her, seier Martina Graf-Rohr.

– Det er heilt fantastisk at dei startar dette tilbodet. Eg spelte sjølv då eg var yngre. No kan eg og Matheo spela saman når me er på ferie, seier Dan Børge Vatnemo.

Då timen er over, spring Matheo Lid bort til Vatnemo.

– Det var kjempe gøy! roper han.

Nøgde med oppmøtet

Også trenar Salvesen og hjelpetrenar Charlotte Sørbø Sviggum er nøgde.

– Det er kjekt at så mange møter opp når me set i gang. Det kjem til å halda fram på laurdagar framover, i alle fall dei laurdagane når det passar seier Sviggum.

– Ein kan følgja med på Facebook-sida for å få vita kva tid det blir. Etter sommaren håper me på å kunna starta med treningar for vaksne også, seier Salvesen.

Neste trening satsar han på å kunna få til litt speling, og om deltakarane er klare for det, vil dei også få læra seg volley-slaget.

– Men det er viktig å ikkje gå for fort fram. Ein må læra seg dei to viktigaste slaga fyrst, som er forehand og backhand, seier han.

Artikkeltags