Tenk grønt og ikkje svart på Black Friday
Artikkelen er over 1 år gammel
LeserbrevDette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.I anledning Black Friday, Black Week & Cyber Monday
Tenk grønt, ikkje svart
Tenk miljø, tenk smart
Tenk brukt - pengar spart!
Då skal du sjå, ein natur - bevart
Tenk gjenbruk, ikkje forbruk,
Tenk nytt om farmor sin duk
Tenk ekte vare - over pengesluk
Då får me sjå at Jorda vært smuk
Tenk Gjesdal, kjøp lokalt
Tenk store bilete - ja, globalt
Tenk «treng eg dette, eller har eg alt?»
Så blømer sentrum, vert ikkje kaldt
Tenk jul, tid og kjærleik
Tenk, (heller enn på ting) - på leik!
Tenk born og oppvekst, og peik -
På kva som er verdfullt og kva som er «fake»