Leserbrev Dette er et debattinnlegg, skrevet av en ekstern bidragsyter. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.
Til deg Egil, og andre som måtte lura på dei same spørsmåla.
Det er ikkje alltid lett å få med seg alt, men du skal jammen ha skryt for å ha lese gjennom alle partiprogramma! Når det er sagt, så har du nok bomma litt, for i Senterpartiet sitt program så står det heilt tydeleg i folderen som er sendt ut:
Samferdsel:
-Trygge skulevegar i heile kommunen
-Fullt trykk på arbeidet med utbedring av E39 Hove-Skurve
-100% mobil- og breidbandsdekning
-Arbeida for å få skyttelbuss.

Noen spørsmål til politikere i Gjesdal
Dette er det som er framheva i den vesle folderen. På nettsida til Gjesdal Senterparti finn du heile programmet som inneheld endå mykje meir på samferdsel.
Me kan forstå frustrasjonen med Storahuset, og at det er vondt å møta ei låst dør. Men på Veveriet kan dei gje svar på det meste, og dei kan hjelpa med avtale dersom det er ønskeleg å møta ein saksbehandlar. I tillegg har Veveriet mykje lenger åpningstid, og du kan få kaffi med noko attåt når du først er der! Veveriet er ein litt anna type møteplass enn Storahuset er meint å vera. Prøv det ei stund, så kan me snakkast igjen.
Låser kontordører og ønsker ikke folk inn uten avtale
Å få fart på Skurve er eit arbeid som pågår, men som òg er avhengig av fleire faktorar - utan at det skal koma i konflikt med jordvernet. Senterpartiet var tydeleg imot å legga meir jordbruksjord inn i kommuneplanen då spørsmålet om Skurve vart behandla, og det får me støtte til frå Statsforvaltaren og Fylkeskommunen.
Jordvernet må me ta på alvor, og det skal Senterpartiet vera heilt klare og tydelege på. Men det betyr ikkje at me ikkje kan få meir næring på Skurve eller andre stader i kommunen. Men me må finna uproduktivt areal. Her må me òg arbeida for kraftforsyning og god logistikk både for dei som transporterer varer til og frå næringane, og dei som skal koma seg til og frå arbeid.
Bruk i alle fall stemmeretten din, og kryss eller gje ein slengar til folk du vil ha inn i kommunestyret. Det er slik me får levande og gode lokalsamfunn: når folk engasjerer seg og har meiningar. Eg har brukt sommaren på å snakka med ulike folk om kva som er viktig for dei, og det er utruleg kor mykje som kjem fram av det folk ser er oppgåver og ansvar som ligg i kommunepolitikken.
Eg vil gjerne høyra di meining òg! Uansett alder, yrke og kven du stemmer på - kommunepolitikk har betydning for kvardagen vår.
Godt valg!
