Gå til sidens hovedinnhold

Spesielt i år må me hugsa å handle lokalt

Leserbrev Dette er et debattinnlegg, skrevet av en ekstern bidragsyter. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.

I tradisjon tru vil eg oppfordra Gjesdalbuen sine lesarar, og alle de andre om å støtta det lokale næringslivet i julehandelen. Det er snakk om mat, dekorasjon eller gåver. Dette har eg også gjort tidlegare år, men i år er det spesielt viktig.

Butikkar og næringsliv har og fått kjenna på annleisåret 2020, og me kan risikera at fleire forsvinn dersom me ikkje hjelp dei med å få auka omsetninga mot slutten av året. Det er lokale arbeidsplassar, potensielle vikar- og sommarjobbar for ungane våre som står på spel. Butikkane har investert ekstra for at handelen og opplevinga di skal vera trygg.

Men freistingane der ute er mange, og ofte bare tastetrykk unna. Netthandel har aldri vore lettare, og i år kan det og forsvarast med sjølvpålagte portforbud i frykt for å få smitten. Posten tilsett fleire hundre, og bodbilar køyre i gater og bygd med små gåver som på 48 timar har flydd halve jorda rundt. Ein kan sjølvsagt handla kortreiste varer på nett, og det kan og vera med på å støtta lokale arbeidsplassar.

Ta julehandelen lokalt, gjerne med gåvekort på opplevingar som ein kan nytta seg av når situasjonen er lysare. Me er alle ein del av dugnaden om å redusera verknaden av katastrofa.

Hald avstand saman.