Johnny og kollegaane var med på å gjera Gjesdal reinare

Johnny Raugstad var ein av dei tre tilsette på Europris som brukte delar av arbeidsdagen på søppelplukking.

Johnny Raugstad var ein av dei tre tilsette på Europris som brukte delar av arbeidsdagen på søppelplukking. Foto:

Av

Tilsette hos Europris var blant dei som deltok på den store ryddedugnaden.

DEL

Torsdag var dagen for den store ryddeaksjonen, "Hele Rogaland rydder", som NRK Rogaland har teke initiativet til. I Gjesdal hadde fleire skular og arbeidsplassar meldt frå om at dei kom til å delta. Blant desse var Europris.

Butikksjef Sølvi Søyland Herigstad sender tre tilsette ut for å rydda området rundt butikken og ned mot elva.

– Alle kan gjera litt. Det er bra med ein slik aksjon, seier Herigstad og fortel at dei prøver å plukka søppel også resten av året.

Isopor blir brote ned i små bitar som det kan vera vanskeleg å få med seg.

Isopor blir brote ned i små bitar som det kan vera vanskeleg å få med seg. Foto:

– Det er ein grei ting å gjera for miljøet. Eg har sett mange ungdommar som har plukka i gatene tidlegare i dag, seier Renate Knutsen.

Renate Knutsen finn mellom anna papirbitar, sigarettsneipar og snus.

Renate Knutsen finn mellom anna papirbitar, sigarettsneipar og snus. Foto:

– Dyr går gjerne og et slik søppel. Det er mykje sneipar og glasbitar. Det er noko av det verste dei kan få i seg, seier Karianne Skeie.

Karianne Skeie hadde fyrst og fremst omsynet til dyr i tankane under søppelplukkinga.

Karianne Skeie hadde fyrst og fremst omsynet til dyr i tankane under søppelplukkinga. Foto:

Tilsette i Gjesdal kommune har også vore med på ryddedugnaden.

– Me fann mykje søppel, som flasker og isopor, seier driftsleiar Arild Volden.

Han hadde på førehand sagt at søppelplukkarar kunne ta kontakt med kommunen for henting av søppelet.

– Eg hadde avtalt med skulane om å koma å henta. Det var mykje. Det er mange flinke folk som har vore med. Det er godt med ein slik ryddedag. Eg synest det er bra med alle som tek initiativ til å rydda.

Kollegaane til Arild Volden var blant dei kommunalt tilsette som var ute og plukka søppel.

Kollegaane til Arild Volden var blant dei kommunalt tilsette som var ute og plukka søppel. Foto:

Artikkeltags