Smertegrensa i Gjesdal-skulane er nådd for lenge sidan

Av
DEL

MeningerDette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.Kjære politikarar i Gjesdal. De er no i gang med prioriteringane i økonomiplanen for komande periode. Det store spørsmålet er: Korleis vil me at det skal vera å bu og vekse opp i Gjesdal? Me i Utdanningsforbundet Gjesdal ønsker å seia noko om korleis desse prioriteringane verkar på kvardagen til lærarane i barnehage og skule.

Økonomiplanen inneheld fleire fine ord og visjonar for barn og unge. Dessverre er ikkje dette i samsvar med dei økonomiske rammene barnehagane og skulane har i dag. I ei årrekke har barnehagane og skulane i Gjesdal vore kostnadseffektive og målet er alltid å spara meir. I økonomiplanen les me at me bruker langt mindre enn referansekommunar per barn/elev. Me i Utdanningsforbundet Gjesdal, som er representert med 280 lærarar i barnehage og skule, seier no tydeleg ifrå om at smertegrensa er nådd for lenge sidan.

Nedanfor følgjer ei liste over korleis me som lærarar i kommunen opplever dei knappe økonomiske rammene:

  • Store klassar. Er det verkeleg ønskeleg med klassar på 28-30 elevar? Dette gjeld heilt frå førsteklassingane våre som skal lære seg å lesa og skriva.
  • Kutt i antall stillingar for miljøarbeidarar og miljøterapeutar. Det blir færre vaksne i klasserommet og større press for læraren, som er pålagt å gje alle dei, opp mot, 30 elevane tilpassa undervisning.
  • Alvorleg mangel på oppdaterte lærebøker og læremiddel. Dette er ikkje foreinleg med innføring av ny læreplan og nye kompetansemål i alle fag.
  • Manglande eller få digitale ressursar. 250,- pr. elev er ikkje nok. Digital satsing krev digitale lisensar.
  • Manglande ressursar til å driva praktisk-estetiske fag. (Dersom du synest dorullnissar er stygge, så er det av økonomiske grunnar dei blir laga!)
  • Lite pengar på budsjettet i barnehage til leikemateriell som innbyr til leik og læring.
  • Det er ikkje rom for å delta på aktivitetar, kurs og kompetanseheving som krev transport, vikar eller andre utgifter. Dette gjeld både for barn og tilsette.
  • Det spesialpedagogisk tilbodet blir dekka av ordinær drift.
  • Skular og barnehagar må kjøpa vaktmestertenester av eigen kommune. Når det ikkje er pengar til dette, forfell bygga.
  • Pedagognormen og lærarnormen vert oppfylt i kommunen, men det er berre på papiret. Ved fråvær/sjukdom blir ressursar flytta på og pedagogtettleiken går ned. Dette skjer kvar einaste dag. Det er heller ikkje rom for å flytte læringsarenaen ut på grunn av for dårleg bemanning.

Me vil no at kommunen skal satsa på barn og unge og ikkje berre strø om seg med fine ord. No treng me ressursar for at dette skal gå. Me seier i frå for framtida til kommunen. Med ei betre økonomisk ramme er dette døme på kva me kan oppnå:

  • Trygga fleire av våre barn og unge på det sosiale, emosjonelle og faglege plan. Dette gjev dei tyngde til å klara framtidig skulegang. Å motarbeida fråfall i vidaregåande opplæring startar allereie i barnehagen.
  • Nyare og betre læremiddel, bøker, digitale ressursar, utstyr og forbruksmateriell er naudsynt for at pedagogane skal laga undervisningsopplegg som er relevante, utfordrande og motiverande for alle.
  • Stoppa nedbemanninga av miljøarbeidarar/kontortilsette på skulen. Me treng alle dei hendene som me kan få i møte med dei små. Me må kunne ta oss tid til å møta dei på det emosjonelle, me skal jo tross alt arbeida mot å gjera dei til gode samfunnsborgarar.

Til slutt; det er ikkje alle kutt som er like lønnsame på lang sikt. Resultata av det som blir gjort no vil ikkje visa seg før om nokre år. Ønsker me eit høgt tal på elevar som har fullført vidaregåande? Vil me at gode lærarar skal orka å stå i yrket år etter år?

Lærarane sitt ønske er i alle fall at me har midler til å møta barna og elevane i Gjesdal med undervisning av høg kvalitet og vaksne som har tid til å sjå dei.

Send ditt leserbrev «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags