Det såg ille ut med vermeldingane på førehand, men heldigvis gjekk det av i likaste laget. Det hende to-tre gonger at grovfelten måtte vente til snøbygene var over, men det vart relativt like tilhøve for alle. Finfelten gjekk på baneområdet, så den var mindre utsett.

Den største sensasjonen stod Helge Kyllingstad føre, då han med sine 29 treff innleiande fekk skive 1 i finalen grovfelt. Og der heldt han og på å gjera det heilt store, men ein litt skeiv serie på siste haldet med 5/0 treff tok han ned på andre plass bak Tore Rødland frå Klepp.

Likevel ganske fantastisk at Helge som skyt så lite set nesten heile felteliten i Rogaland på plass. Me kan og ta med at han vann klasse 2 med god margin. Han fekk då to medaljar, både som nummer to samla og som vinnar av klasse 2.

At Simon Sirekrok vann klasse eldre rekrutt var ikkje overraskande, men at han med sine 42 treff var heile fire treff føre nummer to var meir uventa. Han fekk då nammomedalje.

Vår tredje vinnar var Jarle Idland som vann med nesten full pott, 42/10 treff, det gav gylt medalje i klasse V-73.

Me må og nemne Camilla Sirekrok som vann klasse junior innleiande med 30 treff. Ho skaut og fullt i finalen med 12 treff, men kom bak Viktoria H. Øvrevik frå Gann som hadde to indretreff meir. Camilla fekk då ungdomsmedalje.

Olav Ree Sivertsen vart nummer tre i klasse rekrutt etter ein kjempegod finale, og dermed fekk han og ungdomsmedalje.

Til sist må me ta med Roy Oftedal og Johan Auestad som begge skaut finale i klasse V-65. Begge skaut fullt hus, 42 treff, men måtte sjå Ivar Ueland frå Klepp stikke av med sigeren på fleire indretreff i finalen. Roy fekk då sylvmedalje i den klassen.