I Gjesdalsbuen 23. august kjem Høgre med ei rekke påstandar om Senterpartiet sin politipolitikk. Det er bra at Høgre kjem på bana og bidreg til å få fram fram skilnadene mellom Høgre og Senterpartiet på desse områda.

Noko av det første Senterpartiet gjorde då vi kom i regjeringa var å styrkje politibudsjettet med 200 mill. kroner utover den tidlegare Høgre-regjeringa sitt budsjettforslag. Medan Høgre i det alternative statsbudsjettet sitt for 2023 føreslo eit kutt i politiet på 379 mill. kroner, valde Senterpartiet å styrkje politibudsjettet med 550 mill. kroner i revidert nasjonalbudsjett. Høgre sin mann i justiskomiteen, Sveinung Stensland frå Haugesund, seier rett ut at Høgre har sett av mindre pengar til politi enn Senterpartiet. Senterpartiet sine ambisjonar for politiet er rett og slett større enn Høgre sine.

I innlegget kjem Høgre med påstandar om nedgang i politifolk i distrikta. Det er ikkje riktig i stort. Men det kan vere lokale variasjonar. Desse variasjonane skuldast m.a. at det er den lokale politimeisteren som fordelar ressursane innetter i politidistriktet. Dersom Høgre hadde styrt, ville bemanningssituasjonen, særleg utanfor dei største byane, vore mykje trangare enn i dag, simpelthen fordi dei sett av mindre pengar til politi enn Senterpartiet og ikkje gjev politiet beskjed om å prioritere bemanninga i heile distriktet, slik Senterpartiet gjer. Me skal jobba for at vår politimeister vil prioritera både Gjesdal og Dalane nå som han har fått ei stor auke i sitt budsjett. Med Senterpartiet i regjering har det også blitt ein auke i antall politistudenter, nå sist i Alta.

Det som derimot er riktig, er at Senterpartiet opnar nye politistasjonar. Det er eit utruleg viktig tiltak for at politiet skal kunne vere til stades, drive førebyggjande arbeid og handtere akutte hendingar på stader der politiet i dag er mindre til stades og lokalsamfunnet ynskjer meir politi. Senterpartiet lyttar til folk som vil ha meir politi i heile landet, medan Høgre verkar meir å vere oppteken av å lage eit politi for dei største byane. Det er ei æreleg sak. Det er veljarane som gjennom val avgjer om dei vil ha eit politi berre for dei store byane, eller eit politi som er til stades også for dei som bur mindre sentralt eller for byfolk når dei er på hytta.

Les også

Meir pengar til politibudsjettet med Senterpartiet i regjering

Les også

Ei skryteliste som ikkje er heilt å tru på