Gå til sidens hovedinnhold

Senterpartiet er for jordnære folk!

Leserbrev Dette er et debattinnlegg, skrevet av en ekstern bidragsyter. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.

Mange gonger har eg høyrt folk har sagt at "Senterpartiet er jo helst for bønder". Men i sommar har eg møtt gjesdalbuarar, på kryss og tvers av kommunen, i alle aldersgrupper og i mange forskjellige yrke - og ein ting er sikkert: Senterpartiet er ikkje bare for bønder, men jordnære folk i alle alders- og yrkesgrupper! Folk som er opptatt av nære tenester, tilgang på arbeid der dei vil bu, gode fritidsaktiviteter, trygge forhold rundt liv og helse, sikring av framtida og mat på bordet - gjerne kortreist, norsk mat. Dette er like viktig for læraren og snekkaren, som for legen og bonden. Det er ikkje høge krav eller ambisiøse mål - det er dei tinga som me i kvardagen treng for eit godt og trygt liv.

Dette laget er eg stolt av å vera ein del av! Og vil du vurdera å vera med, så kan du først og fremst bruka stemmeretten din på valdagen - og så kan du ta kontakt med oss på laget, for me har god plass til å utvida det gode fellesskapet og gje rom til mange fleire.