Gå til sidens hovedinnhold

Roy Steffensen (Frp) vil ha politisk omkamp for å hindra at pelsdyrbønder blir sittande med gjeld

Artikkelen er over 2 år gammel

Avviklinga av pelsdyrnæringa har teke nattesveven frå Roy Steffensen. No håper han at regjeringspartia vil stilla seg bak eit forslag om å sjå på kompensasjonsordninga på nytt.

«Av alle politiske saker jeg har vært med på i mine over 20 år som medlem, er dette den første som har fratatt meg nattesøvn og fått meg til å lure på om det er verdt å drive med politikk.»

Dette skreiv stortingsrepresentant og gjesdalbu Roy Steffensen frå Framstegspartiet på Facebook laurdag ettermiddag. Han fortel vidare at han motvillig har akseptert nedlegging av pelsdyrnæringa, med den føresetnaden at bøndene skulle få kompensasjon. «Jeg har etterpå ikke stukket hodet i sanden og gjemt meg, men besøkt bønder som vil bli berørt, for å få informasjon om hvordan vi kan få til en kompensasjonsordning som ivaretar de som har satset og drevet», skriv han vidare.

Etter dette hevdar han at forslaget til kompensasjon som er lagt fram av regjeringa, ikkje er godt nok. Derfor har han spelt inn eit forslag frå Rogaland Pelsdyralslag om å oppretta eit utval med representantar frå mellom anna Bondelaget, pelsdyralslag og staten. Dette utvalet vil Steffensen at skal koma fram til prinsipp for kompensasjon som gjer at bøndene slepp å sitja igjen med gjeld. Dette håper han at dei andre regjeringspartia vil kunna støtta.

Regjeringa la i april fram ein stortingsproposisjon om lov om forbod mot hald av pelsdyr. Her er det lagt inn ordningar for økonomisk kompensasjon. Propissjonen er no til behandling hos næringskomiteen, og det blir høyring 8. mai. Under landsmøtet til Frp i helga, nytta Steffensen høvet til å ta opp forslaget med Frp sin representant i næringskomiteen.

Då Jærbladet omtalte forslaget 10. april, siterte dei Jan Ove Horpestad, leiar av Rogaland Pelsdyralslag. Han hevda at forslaget frå regjeringa vil gje han ein kompensasjon på kring 1,5 millionar kroner, og at han då vil ha ei restgjeld på 4 millionar kroner. «For mange av oss er det ei katastrofe», sa han til avisa.