Flyttar frå ny til gamal brannstasjon under russetreffet

I mars flytta brannvesenet inn i heilt nytt lokale i Kongsgata.

I mars flytta brannvesenet inn i heilt nytt lokale i Kongsgata. Foto:

I mars fekk Ålgård ny brannstasjon. Til helga blir det igjen liv i den gamle brannstasjonen i Rettedalen.

DEL

Fyrstkomande helg er det tid for årets Landstreff i Kongeparken. Fleire tusen russ kjem då til å opphalda seg i og rundt parken, og fleire av dei køyrer i store bussar og bilar. I nabolaget til Kongeparken ligg den nye brannstasjonen, som det lokale brannvesenet tok i bruk i mars. Når russen strøymer til, kan ein lett sjå føre seg at det kan bli krunglete for brannvesenet å rykka ut. Denne utfordringa løyser brannvesenet ved å flytta tilbake til den gamle stasjonen i Rettedalen, berre for denne helga.

- Me har nett flytta inn i Kongsgata, og Kongeparken har lagt opp løpet sitt. Om me skulle hatt drifta vår på den nye stasjonen, så ville det ha skapt ein del kluss i opplegget deira. Me vil ikkje laga styr for dei, og det er ingen problem for oss å ta drifta ned i dei gamle lokala. Me flyttar over hovudbilen. Der har me alt utstyret me treng, seier brannmeister Rune Nedrebø.

Rune Nedrebø, her under opninga av brannstasjonen, er brannmeister på Ålgård, Bryne og Klepp.

Rune Nedrebø, her under opninga av brannstasjonen, er brannmeister på Ålgård, Bryne og Klepp. Foto:


Ei anna ordning neste år

Men neste år vil det truleg bli annleis.

- Me skal i dialog med Landstreffet for å finna løysingar for neste år når årets Landstreff er overstått. Me finn nok gode løysingar på dette når me set oss ned og diskuterer, seier Nedrebø.

Brannvesenet kjem til å vera til stades i Kongeparken under russetreffet.

- Det vil alltid vera eit lag stasjonert i parken. Der skal dei vera i beredskap, samt vera synlege og driva førebyggande arbeid. Me har opplevd at det har ein positiv effekt at me er til stades.

Populært nybygg

Nedrebø er godt nøgd med den nye stasjonen.

- Det er fantastisk. Alle mannskapa er nøgde. Stasjonen blir mykje brukt. Eg trur treningsrommet der er i bruk kvar dag.




Artikkeltags