Eg vart både forarga og trist av å sjå at Gjesdalbuen la ut sak om rangering av fastlegar, basert på innspel heil ned til kun 1 – ein - person, og fastlegane har opptil rundt 1000 pasientar på listene sine. Rekk opp handa dei som meiner at dette er eit representativt og legalt resultat!

Dersom eg skal bu på hotell vil eg gjerne sjå rangering frå tidlegare gjester – for eg kan velja kva for eit hotell eg skal bu på. Og dersom eg skal eta på ein restaurant, vil eg gjerne sjå kva vurdering maten og servicen har fått, for eg kan velja om eg vil gå på den restauranten. Men om eg skal til legen, så er det til min fastlege som eg har valgt – ei ordning som er laga for å gje kontinuitet, god kontakt og god oppfølging. Legetenester er ikkje det same som kjøp og sal av andre tenester/kundeforhold.

Sjølv om det tydelegvis er slik lagt til rette at folk kan legga ut anonyme vurderingar av fastlegar, så betyr ikkje det at me får godt samspel, gode lokalsamfunn og betre tenester om denne rangeringa vert publisert av lokalavisa. Me veit óg at legeforeninga har tatt rangeringsordninga opp i rettsvesenet.

Me er i ei fastlegekrise, me har rekrutteringsbehov i vår eigen kommune. Kva for ein ung nyutdanna lege vil tenka at det er godt å vera i Gjesdal dersom lokalavisa ukritisk presenterer høgst u-representative vurderingar som fakta? Det er ei kjend sak at det må vera over eit visst prosenttal av tilbakemeldingar før ein kan festa noko som helst tillit til resultatet. I desse vurderingane spriker det frå ein til 15 tilbakemeldingar, altså frå ein promille til ein god prosent av brukarane til kvar lege!

Nei, kjære Gjesdalbuen. Her har de gjort ei bjørneteneste for vår eigen kommune. Fjern saka, og la dei gode fastlegane våre få bruka tida si på det som er viktig for oss innbyggarar, og la dei sleppa å sjå slike rangeringar om seg sjølv i avisa. Me treng eit attraktivt lokalsamfunn som får nye kompetansekrefter til å villa bu og arbeida her, inkludert fastlegar.

Flere leserbrev her: 

Les også

Vi gjør hverdagslivet mulig for flere og fremmer helse i samfunnet

Les også

På tide å sette en stopper for isbilen?

Les også

Denne dagen bør markeres