Motorsyklist omkom i trafikkulykke

Ulykka skjedde i Timeveien i Gjesdal laurdag ettermiddag.

Ulykka skjedde i Timeveien i Gjesdal laurdag ettermiddag. Foto:

Ein mann i 30-åra mista livet i ei trafikkulykke på Timeveien laurdag ettermiddag.

DEL

Laurdag ettermiddag klokka halv fem fekk politiet melding om ei trafikkulykke med motorsykkel i Timeveien i Gjesdal. Naudetatane rykte ut til staden.

Klokka ti over fem melder politiet at føraren er erklært død på staden. Motorsykkelen har truleg køyrt inn i autovernet.

Den omkomne er ein mann i 30-åra. Pårørande blei varsla laurdag kveld, skriv NRK Rogaland.

Vegen blei stengd ei stund på staden på grunn av politiarbeid. Dette skriv politiet på Twitter.

Artikkeltags