Bilførar blei stoppa av politiet etter tips om køyring i påverka tilstand

Politiet har beslaglagt førarkortet til ein mann i 30-åra.

DEL

Onsdag beslagla politiet førarkortet til ein mannleg bilførar i 30-åra. Mannen blei fyrst observert på Ålgård, før han blei stoppa av ein patrulje ved Runaskaret, ifølgje ei Twitter-melding frå politiet som blei publisert litt etter klokka halv to.

– Mannen blei observert på Circle K på Ålgård, og det var mistanke om køyring i påverka tilstand. Det var vitne som ringde oss. Patruljen var lenger sør og stoppa bilen då dei møtte på han. Me fekk ikkje fleire meldingar om køyringa på strekninga mellom Ålgård og Runaskaret, fortel operasjonsleiar Sølvi Ravndal.

Artikkeltags