Ber fylket utvida nålauget for å få etablera handel utanfor sentrum

 
Varaordførar Henry Tendenes frå Høgre fekk full tilslutning til forslaget han la fram.

Varaordførar Henry Tendenes frå Høgre fekk full tilslutning til forslaget han la fram. Foto:

Akvarieboden fekk ja frå Gjesdal og nei frå fylket då dei ville etablera seg på Opstad. No vil lokalpolitikarane har regelendring for å hindra liknande tilfelle i framtida.

DEL

Eit forslag til regionalplan for Jæren fram til 2050 er ute på høyring. Under førre møte i formannskapet i Gjesdal, skulle dei lokale politikarane seia sitt om dette.

Handel i sentrum

Ifølgje den gjeldane regionalplanen skal handel berre bli etablert i sentrumsområde. Denne regelen har dei lokale politikarane fleire gongar gjeve dispensasjon frå, seinast i januar då Akvarieboden ville etablera seg på Opstad. Dette vedtaket var ikkje politikarane i fylkeskommunen einige i, då dei vurderte saka i mars. Dermed ser det ikkje ut til at Akvarieboden får ta i bruk lokalet utsalet allereie hadde flytta inn i.

Tidlegare har Ålgård Zoo og Bryggmann fått dispensasjonar frå regelen om sentrumshandel, også frå fylket.

Ønskjer unntaksregel

Med dette bakteppet foreslo varaordførar Henry Tendenes (H) at Gjesdal kommune skulle legga følgjande formulering til høyringssvaret:

«Det bør åpnes for at mindre netthandlere og spesialforretninger må kunne utlevere varer i detalj på sitt forretningssted.»

- Planen legg opp til at ein skal ha handel i sentrum, som betyr stadar ein kan gå til. Men det bør bli opna for at mindre netthandlarar og spesialhandlarar skal kunna utlevera varer utanfor sentrum. Me må kunna seia at det er ikkje alt me kan ha på Outleten eller Stasjonen, sa Tendenes som grunngjeving for forslaget.

Dette var alle politikarane einige med han i. Så får ein sjå om Gjesdal blir høyrt når fylkespolitikarane ein gong skal vedta regionalplanen.

Nokon unntak

I forslaget som er på høyring, står det at «nyetablering eller utvidelse av eksisterende varehandelsvirksomhet er bare tillatt i områder avsatt til sentrums-formål». Etter dette følgjer nokon unntak, mellom anna nærbutikkar og nærservice som kan bli etablert i tilknyting til bustadområde. Kommunen kan også setta av egna område til sal av bilar, båtar, landbruksmaskinar, trelast og andre større byggevarer. Fabrikkutsal på inntil 500 kvadratmeter kan også vera tillate i tilknyting til produksjonsstad.

Store boksar

I planforslaget ser ein også på framveksten av nettbasert handel. «Nye handelstrender med økt netthandel, flere kombinasjoner av varer og tjenester i bysentrum og en økende andel big-boxes utenfor sentrum skaper nye planmessige utfordringer», kan ein lesa der. Dei ser at bedrifter som vil satsa på samlokalisering av storskala lager og utsal, såkalla «big boxes», kan få utfordringar med å etablera seg i sentrumsområde. Dei ønskjer derfor å vurdera om slike konsept kan bli etablerte på Forus. Desse utsala «har et regionalt nedslagsfelt og bør fortrinnsvis samlokaliseres ett sted i regionen».

Artikkeltags