Oltedal-firmaet Ls Stein er tatt under behandling som konkursbu. Dette blei klart i Jæren tingrett 26. april.
Skatteetaten og Jæren Kemnerkontor har eit samla krav på 439.282 kroner mot bedrifta. Dette består av eit krav om meirverdiavgift og eit om skatt.
I retten forklarte Lukasz Piotr Wisniewski, dagleg leiar og styreleiar, at selskapet på dette tidspunktet ikkje har nok pengar til å betala heile kravet.
Selskapet har tre tilsette, inkludert han sjølv. Bedrifta er registrert i bransjen «planting av hagar og parkanlegg».