Gå til sidens hovedinnhold

Også i år blir det geiter på beite på Ålgård

Artikkelen er over 2 år gammel

I fjor beita 70 geiter ved eit bustadområde på Ålgård. I år skal ti nye fullføra verket.

I fjor gjekk kring 70 geiter på beite i eit bustadområde på Ålgård. Målet var å gjera grøntområde meir ope og tilgjengeleg, noko som også ville bidra positivt til branntryggleiken.

Også i år blir det geiter på Gitleberget, ifølgje initiativtakar Magnus Søyland.

– I år er planen å ha ti geiter der. Dei som var der i fjor, har teke det meste. Men det er ein del av småtrea som dei ikkje har teke.

I fjor var det den vaksne dottera hans som bur i nabolaget, Tanja Søyland, som passa på geitene.

–I år er det ein 15-åring i området som skal ha ansvaret for dei. Ungdom kan veksa veldig på å ha eit slikt ansvar ein sommar, seier Magnus Søyland.

Planen hans var å sleppa ut geitene i mai, og no ventar han på godt nok vêr til å gjennomføra det.

–Eg har ikkje lyst å sleppa dei ut i snøvêr.

Kommunen skal ifølgje Søyland også i år ta rekninga.

– Kommunen tok det meste av finansieringa i fjor i form av utstyr. Det er fornuftig av kommunen å bruka det vidare. I år bli utgiftene berre løn til han som skal ha tilsyn med dyra, og kraftfôr.

Då han sette i gang prosjektet i fjor, var målet å bruka hanndyra som elles blir slakta kort tid etter at dei er fødde. Men for at det skal fungera, må nokon vera interesserte i å bruka kjøtet etter at dyra er ferdige på beite. Det gjekk ikkje i fjor, og heller ikkje i år.

– Det blir livkje som i fjor, seier Søyland som håper på eit samarbeid med restaurantbransjen slik at den opphavlege intensjonen også kan bli realisert.