Gå til sidens hovedinnhold

Noreg treng bonden!

Leserbrev Dette er et debattinnlegg, skrevet av en ekstern bidragsyter. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.

«Noreg treng bonden!»

Denne utsegna lyser mot oss langs vegar og i media.

Ja, Noreg treng bonden!

Bøndene har brote forhandlingane om ny jordbruksavtale. Avstanden mellom bondelaga sitt krav og regjeringa sitt tilbod vart for stor. Dermed vert jordbruksavtalen avgjort av Stortinget.

Høgresida sin jordbrukspolitikk har blitt ei tragedie for Noreg. Storleiken på jordbruksareal og sysselsetting går ned, ein aukande del av produksjonen vert sentralisert til nokre geografiske område, importen av fôrråstoff aukar og sjølvforsyninga er faretruande låg - ned mot 30%. Når landbruksareal går ut av drift, vert me meir avhengige av importert fôr og importerte matvarer. Dette øydelegg noko av det som er godt i Noreg - rein og trygg mat frå heile landet.

Høgresida sin politikk fører til gjengroing av kulturlandskapet og auka fråflytting frå distrikta, noko som er særskild alvorleg i ei tid der klimaendringar trugar jordressursane i heile verda. Å bli meir avhengig av import, kan potensielt bli katastrofalt. Dersom sjølvforsyningsgraden i Noreg skal auka, må jordbrukspolitikken endrast. Når jordbruksavtalen nå kjem til Stortinget, vil SV ta initiativ til satsing på desse tre områda:

Ta jorda i bruk. Me vil foreslå tiltak som fører til at nasjonale arealressursar vert tekne i bruk til matproduksjon. Me må snarast bli mindre avhengige av importert kraftfôr og heller bli meir avhengige av våre rike utmarksbeite. Me foreslår difor tilskotssystem som held meir av landbruksjorda i hevd og som nyttar grovfôrressursar og beite betre.

Frå dei store til dei små. Me vil foreslå tiltak som styrkar inntekta til små- og mellomstore aktørar, styrkar jordbruksstrukturen og aukar norsk mattryggleik. Me vil foreslå reell omfordeling, der mindre av tilskota skal gå til dei største aktørane og meir til dei mindre. Omfordelinga skal ikkje vera brå og stor, men føreseieleg for alle aktørar.

Lønnsgapet skal tettast. SV var primus motor for stortingsvedtaket i 2017 som seier at «Inntektsmålet skal være å redusere inntektsgapet mellom jordbruket og andre grupper i samfunnet.» Regjeringa nektar å følga opp dette vedtaket. Me vil difor koma med framlegg om ein avtale der lønnsgapet vert monaleg tetta. Inntektsmålet skal gjelda produksjon på alle typar bruk. Skal me nå målet om auka grad av sjølvforsyning, må inntekta i jordbruket aukast. Dette er avgjerande for å rekruttera ungdom inn i næringa.

SV vil ha ei merkbar endring i jordbrukspolitikken, fordi Noreg treng bonden!