Meninger Dette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.
I vår stemte ei samla Senterpartigruppe mot å ta med eit nytt næringsområde på Bollestad inn i den nye kommuneplanen. Nå får ein også eit tydeleg nei frå Statens Vegvesen, eit nei frå statsforvaltaren og eit nei frå fylkeskommunen.
På grunn av planar rundt større vegprosjekt i kommune er Gjesdal ein av verstingane på nedbygging av gode beiter og dyrka jord. Nå har me moglegheit til å stoppa nedbygginga på Bollestad og ikkje klaga det vidare inn til regjeringa. Me i Senterpartiet er overbevist om at regjeringa vil visa til dei oppblomstrande matkrisene internasjonalt, med krig og endringar i klimaet. Me trenger alt den matproduserande jorda som me har dersom me skal få opp sjølvforsyninga.
Bollestad er både fulldyrka jord, og kultiverte beiter der kyr og sau kan eta og veksa utan importert for. Dette er ein god måte å utnytta dei ressursane me har her i Gjesdal og Norge.
Den 21. august fekk Haugesund ein Nasjonal Jordvernpris, og vart hylla av både landbruksminister Geir Pollestad, og statsforvaltaren i Rogaland Bent Høie for å ta jordbruksområdet ved Fagerheim ut av sine planar. Sandnes, Randaberg og Stavanger har og tatt ut store nedbyggingsområder ut av planane, og tilbake til matproduksjon. Då må ikkje Gjesdal gå andre vegen.
Senterpartiet håpar at heile formannskapet stiller seg bak vårt forslag om å ta næringsområdet på Bollestad ut av arbeidet med kommuneplanen.

Negative til nytt næringsareal
