Visste du at noko av det fyste Senterpartiet gjorde då dei kom i regjering i 2021 var å styrke politiet med over 200 millionar?

Visste du at dei revidert statsbudsjett i vår auka pengepotten til politidistrikta med 550 millionar kroner som vert utbetalt nå i juli?

Visste du at det er meir enn 600 fleire årsverk som jobber i heile politiet i juni 2023 dersom ein samanliknar med juni 2021?

Dette viser tydeleg at med Senterpartiet i regjering og med stødige Emilie Enger Mehl ved roret i justis- og beredskapsdepartementet har politiet i heile landet blitt styrka. I denne stund sitter politimester Hans Vik i Sør-Vest politidistrikt og ansetter nye politibetjenter for pengane som han har fått av regjeringa.

Desse vil styrka beredskapen i Gjesdal, Jæren, Dalane og resten av sør-fylket. Altfor ofte har alle patruljane oppdrag nord i Sandnes, mens ein situasjon oppstår lengre sør.

Me kan ikkje ha det slik at vanlege folk må ta opp jakten på biltjuvar, at brannvesenet må ta seg av folk som slår seg vrange eller at politiet køyrer seg vilt i distrikta eller ikkje dukkar opp på ein ulukkesstad.

Les også

Svar 1 på ordførerens svar: Mange vil nok kalle meg pretensiøs – tenk å ta opp kampen mot kommunens maktelite!

Les også

Helsekvartal i sentrum - utsikt, servicetilbud og aktiviteter

Les også

– Velger vi å bruke lite penger på barn i dag, vil vi få større problemer

Les også

Valgomat-tid og sløsing

Les også

Ideologi må ikke stå i veien for gode tilbud