Gå til sidens hovedinnhold

Me har plass til mange på Senterparti-laget

Leserbrev Dette er et debattinnlegg, skrevet av en ekstern bidragsyter. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.

Eg har fått den store gleda å få delta på Senterpartiet sitt landsmøte til helga. Det blir både spennande og spesielt sidan det skal føregå digitalt.

Rogalandsdelegasjonen har vore aktive med innspel til partiprogrammet, og i dei siste dagane har vår fylkesleiar Vidar Nedrebø òg vore i media for utspelet om å framheva partileiar Trygve som statsministerkandidat.

Det er val til hausten, og mange grublar nok på om dei finn eit parti dei kan vera nok einige med til at det blir rett å gje si stemme til nettopp det partiet. Mange av oss har opplevd at det kan vera enkelte punkt i programmet me ikkje er 100% einige i. Slik har det vore for meg òg. Men partiprogrammet til Senterpartiet har både breidde, ansvar, medverknad, solidaritet, heilskap og styrke som gjer meg trygg på ein ny kurs for landet.

Eg gler meg til å vera førstereise-jente på landsmøtet, og gler meg over å vera del av eit sterkt lag som set tenester nær folket høgt og som vil ta heile landet i bruk. Og me har plass til mange på dette laget!