Valdikt om røysting og kamelar

Av
DEL

MeningerKan hende det kjennest nokså nytteslaust,

å gå til ei urne annakvar haust,

Me målar med tjukkare pensel kvar dag,

om altslags ein innbyggar skal få av behag.

Men livet det kjennest skynt heilt likt,

til tross for lange og løgne dikt.


Då er det nyttig å tenkje på dette;

At sjøl om ein tviler (og stundom med rette) -

Så er dei på jobb for ei betre framtid,

desse folkevalde,


utan fritid


For det tek si tid, å gjera det store,

Til dømes ein Ålgårdsbane, når ein set seg det fore.

Eller nok tid i omsorg av gamle og kloke,

og rett folk i skulen til sjeler med floke.


Og symjehall og fotballhall og hall ein gong til -

det er slike summar at me tid trenga vil

om ikkje eigedomsskatten skal auka,

(glimt i auga)


Med min tjukke pensel vil eg dette måla -

Sjølv om framtida kan kjennest som kamelen og nåla,

Så er me godt rusta i denne nasjonen,

For her kan me samlast rundt gamle stasjonen,

Og eta ei vaffel og le i godt lag,

For her er visdom i alle slag,

og store hjarte for Gjesdal.

Godt val!

Send ditt leserbrev «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags