Fotballhallen: Eit hint om klima frå Lima

Av
DEL

LeserbrevGjesdal kommune skal fotballhall bygga
Det får nokre til å fryna og rygga
Endå ein hall, kan det plent vera naudsynt?
Det trengst iallfall ikkje som pynt

I Gjesdal kommune er det idrett som gjelder
Javel, tenkjer SV, då ønskjer me solceller!
For klima skal og vera vinnande sak,
Og det får me til, på fotball sitt tak!

Voldsomme vindmøller snurrar og spinn,
for visst er me velsigna med ein heil del vind.
Men solceller kan og vera gode å ha,
Så drep me ‘kje ørn i Bjerkreim og Gilja.

No er det jammen på tide å snu,
nei ikkje meir møller - skrekk og gru!
Og solceller dei gjev billig rente,
Her er det gevinst å hente!

Ja, Gjesdal kommune må vera smart
Elles brenn åkrar og regn kjem hardt
Nei takk til ekstremver og flaum,
Det er SV sin miljødraum!

Sei med meg, høgt i kor;
Me skal hjelpa klima her i nord!
Ja Noreg me skal visa veg,
sjølv om Erna, har vist seg, er litt treg.

Send ditt leserbrev «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags