Folk ser at politiet sentraliserast og folk er ikkje dumme

Av
DEL

LeserbrevIkkje uventa kom det reaksjonarmitt lesarbrev om politireforma. Senterpartiet og eg er heilt einig med mangeårig høgremann og tidlegare politimann Tendenes om at det var på tide at noko vart gjort i politiet. Det var blitt ein sentralisert organisasjon med alt for mange byråkratar, og hang ikkje med i kva som var utfordringane i det 2100-århundre. Problemet med reforma som Høgre, Frp, Venstre, Krf, SV og Ap vedtok i 2015 er at den har ført til enda meir sentralisering, og enda fleire byråkratar i Politidirektoratet, det vert lengre avstandar og meir krevjande å skaffe pass til ferier.

Tre år etter reforma viser forsking at situasjonen er alvorleg, med oppblomstring av ungdomskriminalitet og gjengmiljø. Ein ser at folkets tryggleik er dårlegare, rettsikkerheita til både ofre og dei kriminelle er dårlegare, servicetilbodet er dårlegare og svært mange tilsette i politiet varslar om eit helseskadeleg arbeidsmiljø.

Ellers kan ei evaluering gjort av DIFI visa at reforma har svært lav tillit hjå politifolk og viktige samarbeidspartnarar. Til slutt kan ein leggja til eit sitat frå prosjektleiar Vivi Lassen: «Politifolk seie at det burde heita «fjernpolitireforma». Folk ser at politiet sentraliserast og
folk er ikkje dumme.»

Send ditt leserbrev «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags