Difor er politireforma ei skandale, også i Rogaland

Av
DEL

LeserbrevI 2015 sette regjeringa, godt hjelpne av Arbeiderpartiet, i gang sin såkalla “nærpolitireform”. Senterpartiet åtvara den gong om at det heile var ein stor sentraliseringsreform. I dag kan ein sjå konsekvensane i heile landet; Politireforma er ei skandale.

Reforma er den største sentraliseringa i politiet si historie. 122 politistasjonar og lensmannskontor er lagt ned i distrikt over heile landet, inkludert det på Ålgård. Halvparten av landet sine passkontor vert lagt ned, sju av dei i Rogaland. Samtidig står hundrevis av nyutdanna politifolk utan jobb, fordi politidistrikta ikkje har råd til å tilsette nye tross skrikande behov.

Konsekvensane er krystallklåre; responstida til politiet aukar i heile fylket. Politiet bruker lengre tid på utrykking til både store og små stader. I fjor var det brannvesenet som kom først i over halvparten av alle utrykkingar. I tillegg har politiet i heile Rogaland ei stor auke i opphoping av straffesaker som ikkje er behandla innan tidsfristen. Dette bekreftar Oddvar Tengesdal, politiinspektør med ansvar for bl.a. Gjesdal til NRK Rogaland.

Det at politiet ikkje er tilstades ute i lokalsamfunna gjer at dei ikkje opparbeider seg den lokalkunnskapen som kan vera avgjerande, ikkje berre når kriminelle handlingar skjer, men endå viktigare; for å førebygge at dei aldri skal skje.

Senterpartiet meiner at alle skal kunne kjenne seg trygge, uansett kvar i landet ein bur. Å sørge for folk si sikkerheit er ei av dei viktigaste oppgåvene politikarar skal løyse. Då må me sikre politi som er tilstades i lokalsamfunnet med lokal kjennskap, ikkje minst for å arbeide førebyggande, og som rykker raskt ut i heile landet.

Send ditt leserbrev «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags