Nei, me ler ikkje, Roy Steffensen

Øyvind Hadland

Øyvind Hadland Foto:

Av
DEL

LeserbrevStortingspolitikar Roy Steffensen fortel til Rogaland Avis at den siste vekas rabalder mellom Venstre og Framstegspartiet «kun [er] interessant for noen få i Oslo, mens resten av folket ler av det hele og rister oppgitt på hodet.» Dette stemmer ikkje.

Retorikken til Frp i slutten av valkampen er ikkje noko å le av. Den har til hensikt å spela på mistru, framandfrykt og framandhat.
Siv Jensen fisket opp omgrepet «snikislamisering» igjen, eit omgrep som speler på at Noreg er i ferd med å bli ein islamsk stat. Dei siste dagane før valdagen hadde Frp, i fylgje Medier24.no, over 60 Facebook-annonsar om innvandring. Fleire av desse postane omhandla burka og niqab, noko fleire aviser (BT, Nettavisen) seier om lag 50-100 personar i Noreg brukar. Eg er sjølv kritisk til bruk av slike plagg, men det er lite aktuelt i ein kommune- og fylkesvalkamp. Sylvi Listhaugs båtmigrant-post viser ein idyllisk solnedgang. Posten gjev inntrykk av at dette er lykkejegerar, ikkje folk som ofte er i havsnaud. Det er lenge sidan vikingane la under seg Sicilia i 860 og Middelhavet dermed var ein naturleg del av lokalvalkampen i Noreg.

Dette angår langt fleire enn nokre få i Oslo. Det angår alle dei som kvar dag møter skepsis og mistru på grunn av hudfarge, klesplagg, namn, matvanar, og så vidare. Eg er doktorgradsstipendiat i teologi ved VID vitenskapelige høgskole. Eg forskar på kristne kvoteflyktningar frå Myanmar. Ein av mine informantar seier at negativ karakteristikk av flyktningar etter flyktningkrisa i 2015 har forandra korleis folk møter ho i kvardagen. Ho fortel det har blitt vanskeleg å for slike som ho som har «svart hår». Ho ynskjer seg til ein stad der ikkje folk glor på henne fordi ho er annleis. Dette er ein person som har flykta gjennom jungel frå kuler og granatar frå den burmesiske hæren fordi ho er kristen. Mistru, framandfrykt og framandhat angår tusenvis av nordmenn kvar einaste dag.

Det stemmer at me rister oppgitt på hovudet, Roy. Me rister på hovudet av den retorikken FrP la seg på i slutten av valkampen. Korleis Frp systematisk stiller spørsmålsteikn ved motiva, truverda og behova deira. «Er det verkeleg sant?» er spørsmålet ein møter innvandrarar med.

Den danske filosof og teologen Knud Løgstrup skildrar i Den etiske fordring korleis mennesket har i seg fleire spontane livsytringar. Spontane livsytringar er reaksjonsmønster mellom menneske som kjem av seg sjølv, dei er spontane refleksar. Ein slik spontan livsytring er tillit. Den spontane reaksjon når ein møter nye personar er tillit til det personen fortel. Blir du kjend med ein person på toget, er det ikkje naturleg å tru at vedkommande lyg om kva han heiter, kor han kjem frå, kva han arbeider med, osv.

Det er ikkje naturleg for mennesket å møta nye personar med mistru, meiner Løgstrup. Det må ein særskilt grunn til for å vera mistru når du møter nye menneske. Det er slik generell mistru mot innvandrarar og flyktningar, og då særleg muslimar, FrP gjennom sin retorikk prøver å skapa eller nøra opp under. Det angår korkje få personar eller er til å le av, det er berre til å rista oppgitt på hovudet av.

Send ditt leserbrev «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags