Ikkje så verst med sau likevel?

Marit Epletveit skriv at dyr som beiter i utmark, som sau, bind meir karbon enn om beitet hadde stått urørt.

Marit Epletveit skriv at dyr som beiter i utmark, som sau, bind meir karbon enn om beitet hadde stått urørt. Foto:

Av
DEL

LeserbrevKlimadebatten ruller, og som bønder vert vi stadig bombardert med ulike påstander. Kva er bærekraftig, kva er klimavennlig? Kva er lurt for meg, for deg eller for AS Norge?

Magnar Mæland sitt hjertesukk om at sauen hans ikkje vart ete vart til eit motsvar frå MDG som hevder at Faktisk.no har fakta sjekka dette, men her går faktasjekken på storfekjøtt, sammenlikna med vegetarprodukt produsert på GMO-vekster.

Eg forstår Mæland sitt hjertesukk som bonde veldig godt. Vi bønder jobber kvar dag, heile året, for å produsere trygg mat til det norske folk. Vi er, som MDG òg skriv, meir berørt enn dei fleste av klimaendringane. I næringa jobber vi kontinuerlig for å bli meir klimavennlege i alle ledd. Ein forskar på fôr og fôrtilsettingar for å redusere utsleppa av metan, ein får betre verktøy for å kartlegge klimautsleppa, heilt ned på gardsnivå, og bonden og organisasjonane bidreg aktivt i utvikling og forsking, både lokalt og nasjonalt. Som den fyrste næringa i Norge, har vi inngått ein forpliktande klimaavtale med staten.

Eg drømmer om at du som forbruker skal sette pris på det. Velge norsk produkter i butikken. Tenkje over kor viktige vala du tar i kvardagen din er.

Sjølvforsyningsgraden i Norge, korrigert for fôrforbruket til dyr, er på 40%. Dette uroar meg. Spesielt med ein uroleg verdenssituasjon. Vi bør absolutt produsere meir på dei ressursene vi har. 3% av Norges landareal er jordbruksareal, 70% av dette er bare egna til å dyrke gras på.

Sjå rundt dykk på det flotte kulturlandskapet som omkranser Ålgård. Både bratt og steinfullt. Likevel finn drøvtyggjarane våre, kua, sauen og geita næring i graset, og klarer å omdanne det til produkter som eg og du kan ha nytte av. Mjølk, kjøtt og ull. Aktiv og rett bruk av beite sørger for CO2-lagring i jord. Ja, da er det all grunn til å vere stolte av sauen sitt arbeid.

Ein kan få inntrykk av at sauen kun et kraftfor, det er heilt feil. Sau er ein drøvtyggjer som vi på skulen lærte hadde fire mager, der vomma er som ein egen liten fabrikk som gjer gras om til næring. For store andeler med kraftfor kan føre til at vomma kollapser, og det er ingen tjent med. Kraftfôr brukast for å optimalisere og sikra at sauen produsere nok mjølk til lamma sine. Kraftforet består av meir enn soya. Det er som ei frokostblanding tilpassa kvart enkelt dyreslag, for at dyra skal få i seg dei rette næringsstoffa. I dag er soyaandelen i kraftforet til sauen på under 10%.

Det pågår mykje spannande innan FoU, der ein stadig utviklar andre løysinger, som til dømes å erstatte soya ved å hente protein frå både tang, tare og skog. Det gjeld å finne proteinerstattere med den rette aminosyreprofilen og sammensettinga. Tilsetningsstoff i kraftforet som gjer at drøvtyggeren slepper ut mindre metan er allereie under uttesting. Sakte men sikkert vert dyra våre meir bærekraftige.

Dyra som beiter i utmark bind meir karbon enn om beitet hadde stått urørt. Dei opprettheld økosystem og det biologiske mangfaldet i kulturlandskapet, blant anna bier, som igjen bidreg til å pollinere 30 % av den plantebaserte maten vår. For ikkje å gløyme alle dei andre verdiene som dyr på beite skaper. Opne landskap, betre turterreng - til glede for oss alle!

Klimadebatten ruller, og som bønder vert vi stadig bombardert med ulike påstander. Kva er bærekraftig, kva er klimavennlig? Kva er lurt for meg, for deg eller for AS Norge?

Send ditt leserbrev «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags