Kan tenester bli saumlause om dei som utfører dei ikkje har nok lokal kunnskap?

Av
DEL

LeserbrevGjennom dei siste tiåra har innbyggjarar og tilsette i kommunen blitt kjende med nye ord og uttrykk som skal fortelja noko viktig om ei arbeidsform. Målet er at den enkelte skal oppleva at kvart ledd veit kva dei andre ledda gjer, og at det er kontroll over rekka av ledd i tenesta. Desse uttrykka kan vera f.eks «heilskaplege tenester», kjeding av tenester, saumlause tenester, samskaping osv. Alle formuleringane har noko godt og forventningsfullt i seg. Men det er det personlege engasjementet hjå den som er ansvarleg for oppgåva og den som utfører oppgåva som er avgjerande. Er det realistisk å forventa ei god oppleving av saumlause tenester dersom den som utfører tenesta ikkje har nok lokalkunnskap og lokal kjennskap til dei forholda som er viktige?

For Senterpartiet er gode tenester nær folk eit svært viktig ledd i den saumlause kvardagen me gjerne vil skapa for innbyggarane. Lokal kunnskap, lokal kjennskap og lokal forankring kan vera avgjerande faktorar for den enkelte innbyggar si oppleving av tenesta dei får.
I Senterpartiet sitt valprogram har me særleg tre punkt som er viktige for dei nære tenestene:

  • Styrka tilbodet til dei sjukaste eldre i bygdene, og bygge opp under satsinga på heimebaserte tenester
  • Ikkje gjennomføra privatisering av kommunale tenester
  • Gjesdal kommune skal også i framtida styrast frå Ålgård

Eg tek hatten av for kvar og ein i kommunen som legg sitt personlege engasjement i å få dei saumlause tenestene til å bli ein realitet. Me har alle eit ansvar for at dette arbeidet kan fortsetja ved at me strekkjer oss litt lenger – slik Gjesdal kommune sin visjon er.

Send ditt leserbrev «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags