Tunell mellom Frafjord og Espedal kostar meir enn det smaker -derfor seier Gjesdal Senterparti nei

Av
DEL

LeserbrevTunellen Frafjord-Espedal er ein valkampsak. Vårt program har fokus på: Nødvendig oppgradering av vegnettet i Frafjord og på Gilja. Punktet om tunellen vart nedstemt i programkomiteen til Gjesdal Senterparti, og derfor teke vekk. Vi ser at dette tunellprosjektet har blitt mykje større enn ein såg for seg. Både når det gjelder naturinngrep, jordvern og kostnad. Dette er eit prosjekt som ”kostar meir enn det smaker”.


Då planprogrammet var oppe i formannskapet, fremma Senterpartiet eit alternativt forslag. Vi ønska utredning av eit alternativ litt lenger oppe i dalen. Dette fekk fleirtal i formannskapet, men vart skrota av Vegvesenet.


Tanken har vore å vente på høyringsutkastet frå vegvesenet i desember, før ein sa ja eller nei. Tunellen er no blitt ein valkampsak, så derfor vil ikkje Senterpartiet lenger vente med å ta avgjersla om tunellen til etter høyringa i desember.

Gjesdal Senterparti vil ikkje jobbe for tunellen Frafjord-Espedal. Gjesdal Senterparti vil seia nei til tunell Frafjord-Espedal.

Send ditt leserbrev «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags