Billigare buss i Gjesdal og tog på Ålgårdbanen

Av
DEL

LeserbrevUnder Fylkestinget 30. april hadde fylkespolitikarane moglegheit til å retta opp i ein stor urett dei har gjort mot innbyggjarane i Gjesdal kommune. Under tidlegare behandling i 2015 har dei ordna det slik at Ålgård er same bussone som Nord-Jæren, og dette er bare rett og rimeleg. Men då utelot dei resten av Gjesdal og plasserte dette i same sone som dei tre kommunane Klepp, Time og Hå. Billettprisen som gjesdalbuar må betale for å ta bussen frå t.d. Skurve til Ålgård er 20 kr meir enn frå Ålgård til Stavanger. Dette er og ein tilleggspris Gjesdal kommune må betale til fylkeskommunen for alle busselevane, noko som utgjer nærmare ein halv million i året ekstra for kommunen.

Men sjølv om Arne Bergsvåg i Senterpartiet var optimist med tanke på signala frå dei andre partia i forkant måtte han innsjå at ingen av dei andre partia var interessert i å støtta eit forslag om å samla heile Gjesdal i sonen for Nord-Jæren.

Argumenta dei andre brukte var at då ville kommunar som Klepp og be om å få lov til bli med i sonen for Nord-Jæren. Denne samanlikninga er relativ tynn når ein ser at i Klepp, Time og Hå kan ein ta bussen internt i sonen, utan å kryssa sonegrensa. Mens internt i Gjesdal går alle ruter i kommunen til eller frå Ålgård, og over ei sonegrense. At ein i Klepp, Time og Hå har noko som heiter jernbane som og kan nyttast som kollektivtransport gjer jo og samanlikningsgrunnlaget svakt.

Einaste argumentet eg ser for at samanlikninga går opp er viss fylkeskommunen endeleg ser gevinsten av å gjennopna Ålgårdbanen. Og nå er det verkeleg på tide at Gjesdal og Rogaland får fokus på verdien på Ålgårdbanen. Me vil ha fleire over på kollektiv, og me skal i framtida bare veksa rundt kollektivknutepunkt (sjå til Regionalplan for Nord-Jæren). Som Holger Forsberg så flott påpeika i sitt lesarinnlegg for kort tid sidan er dette ein moglegheit som me ikkje må øydelegga ved å grava opp eller laga sykkelsti på.

Senterpartiet går nok ei gong til val på å få gjenopna Ålgårdbanen, men ser at til 100 års jubileet i 2024 vert det nok litt knapt.

Send ditt leserbrev «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags