Barne- og breddefotballen må få starte

Senterparti-politikaren Vidar Nedrebø er óg glad i fotball. I dette lesarbrevet krev han at barne- og breddefotballen må starte opp igjen, at det må koma på plass løysingar for å få på plass fleire enn 200 tilskodarar på kamp, og at tapte sponsorinntekter må være med i utrekninga av kontanstøtte til fotballklubbane.

Senterparti-politikaren Vidar Nedrebø er óg glad i fotball. I dette lesarbrevet krev han at barne- og breddefotballen må starte opp igjen, at det må koma på plass løysingar for å få på plass fleire enn 200 tilskodarar på kamp, og at tapte sponsorinntekter må være med i utrekninga av kontanstøtte til fotballklubbane. Foto:

Av
DEL

LeserbrevSituasjonen er komt inn i ein ny fase, og fleire og fleire tilstelingar og aktivitetar vert lov. Det kan være vanskeleg å forstå kor grensene går, kvifor noko er lov, andre ting ikkje.

Mange hadde gleda seg til oppdateringene forrige veke, spesielt barne- og breddefotballen. Dessverre vart det ingen oppmjuking, og mange har reagert. For mens treningssentre og serveringsstader kan trekka til seg sine er det forbudt for Dirdal IL sine 9-åringer å reise til Oltedal for å spela kamp mot bygdas jevnaldrende.

Ein studie frå Danmark viste til at man under ein 90 minutters kamp bare vil være innenfor smittefarleg avstand i gjennomsnitt halvanna minutt dersom det er ein smitta spelar på banen. Som kjent vil smitteappen advare oss dersom me har vore 15 minutter i nærkontakt med ein smitta person.

Det varskues om auka frafall både i barne- og breddefotballen, noko som kan gå ut over den fysiske og psykiske folkehelsa. Konsekvensane av dette kan bli langvarige.

Dessverre ser ein og at mange klubbar vil komma svært dårleg utav denne perioden økonomisk. Ikkje bare er det absurd at ein bare kan være 200 på SR-Bank Arena på Jåttå, med kapasitet til 16 000. I tillegg har tap av sponsorinntekter skapt store hull i rekneskap over heile idrettsnorge.

Regjeringa med Høgre, Venstre og Krf må:
1. Blåse igang kampar i barne- og breddefotballen
2. Lage løysningar som opnar for fleire enn 200 tilskodarar på kampane.
3. La sponsorinntekter være med i grunnlaget for beregning av kontantstøtte til fotballklubbane.

Kampen mot korona er langt frå ferdig, men på vegen treng me felleskap, aktivitet og glede, og det får ein i fotballen.

PS: Ein ny oppdatering 23. juni opnar for barne- og ungdomsidrett etter 1. august, og sjølv om ein skal berømme regjeringa Solberg 3,5 for å lytte til dei involverte har dei nok ei gong vist store kunnskapsmangler. Kva som skjer med bredden er uvisst.

Send ditt leserbrev «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags