Nedlegginga av Ålgårdbanen er avtalt spel mellom Bane Nor og Statens Vegvesen

Av
DEL

LeserbrevEg var tilstades på siste møte i herradstyret og fekk med meg det meste sjøl om enkelte har mykje å lære bak ein mikrofon. Men dersom det er rett at ordfører Fjedsbø har sagt til Gjesdalbuen at når Time seier ja til nedlegging av bana, så meiner han at dei Time er seg sjøl nok, ja då hengjer eg den bjølla på herradstyret i Gjesdal og, minus FrP sine fem og ein frå KrF.

For nå ein oppegåande og dyrekjent kar som Torbjørn Fjermestad hevder at "bana ligg jo der, han koster ingen ting" , ja då må den gode Fjermesten ta ein telefon eller besøk ned til Tor H. Håland under Åslandsnuten. Der vil han få høyra om vanskane som bonden har hatt dei siste 15 åra med gjerde for å halda krøttera inne hjå seg. Eg finn mykje godt i ei gamal bok, her står det eit ord om at Far, forlat dei, for dei veit ikkje kva dei gjær. Men la oss sjå det frå ein anna vinkel.

Dette trur eg er eit avtalt spel mellom Bane Nor og Statens Veg(u)vesen, for tenk dykk fylgjande gang: Fylkesmannen har funne elvemusling nedanfor og ovanfor garden til Håland , og den må me take vare på, her kan me finne ei kostelege perle, ein får då ikkje ikkje kryssa elva med den nye tilførselvegen frå Foss-Eikeland, staten vil jo ha den på vestsida av elva for å fanga opp størsteparten av trafikken frå den søre del av Jæren der. Altså må dei lenger opp eller ned. Og dersom vegen kom over Håland sin eigendom, ja så deler den garden i to og det er mykje lengere, les (erstatning).

Men dersom Bane Nord får leggje ned banelegemet , noko eg sterkt håper, same kva Fylkesrådmann og andre meiner, ja så kan dei, Staten, kryssa elva mykje lenger nede, ja dei kan sogar koma over på garden som ligg på austsida av elva, som ein Høyland dreiv ei tid, dei kan koma over nordanfor Bråstein-nuten slik at dei kan ta jord av seg sjølve, (men det gjer nok ikkje Staten), då er det Håland eller Øystein Sviland på Bråstein som ligg laglegg til for hogg, for slik som planane er no må ein av dei to blø med tanke på å mista jord, pluss garden på Møgedal.

Dette er då mine eigne tanker, men eg lyt nok tilstå at saman med diverse meir og mindre dulgte opplysninger frå såkalla godt hald er eg ikkje heilt på jordet.

Send ditt leserbrev «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags