Gå til sidens hovedinnhold

Landbruket må sjølv få definere dyrevelferda

Leserbrev Dette er et debattinnlegg, skrevet av en ekstern bidragsyter. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.

Er det på tide å kutte lausdriftskravet for storfe? Skal ein ta heile landet i bruk, har ein ikkje rå til å stå på krava. Det er ikkje økonomisk forsvarleg å byggja lausdriftsfjos i alle delar av landet. Med 10 til 15 melkekyr kan ein ikkje forsvara investeringane, og det er mange stader i landet som har denne typen besetningar.

Landbruketer ein del av busetjinga, beredskapen, hausting av for som er både kortreist og berekraftig. Me treng små, mellomstore og store bruk. Det skapar fagmiljø.

Eg er samd med Birger Svihus i at nå må landbruket sjølv definera dyrevelferd. Det må ikkje vera dyrevernsorganisasjonane som skal laga agendaen for dyrevelferd. Den styrande regjeringa har lagd ned ei lovleg næring, pelsdyrhald. Kven veit kva for dyrehold som vert det neste? Dei filmar i grishus, og fuglane veit kor.

Eg trur det er brei semje om at dårleg dyrehold må lukast ut. Det same må gjelde personar innanfor andre yrkesgrupper som ikkje held mål. Me treng eit livskraftig husdyrhald. Det må me verna om. Det er ikkje sjølvsagt, noko me har sett døme på.

Vonar at pelsdyrhaldarane får det oppgjeret dei skal ha.