Bonde ber hageeigarar bruka mindre gjødsel

Magnus Søyland har teke jordprøver i både private hagar, på eiga mark og utanfor Storahuset for å sjekka fosforinnhaldet. Dei private hagane kom dårlegast ut.

Magnus Søyland har teke jordprøver i både private hagar, på eiga mark og utanfor Storahuset for å sjekka fosforinnhaldet. Dei private hagane kom dårlegast ut. Foto:

Magnus Søyland har målt fosforinnhald i private hagar. Han meiner det er på tide at hageeigarar tar sin del av miljøansvaret.

DEL

I fjor sende Landbruksdirektoratet, Mattilsynet og Miljødirektoratet ut eit forslag til revidert gjødselregelverk. Ein del av bakgrunnen for dette, er at ein i delar av landet har meir fosfor enn det som om er nødvendig som gjødsel for plantene. Dette gjev avrenning av fosfor frå jordbruksareal til vatn, noko som kan føra til utfordringar for vassmiljøet. Landbruksdirektoratet skriv at dette dessutan er ei dårleg utnytting av fosfor som er ein avgrensa ressurs.

Forslaget fekk Gjesdal-bonde Magnus Søyland til å reagera. Om forslaget går gjennom, trur han at landbruket må redusera gjødslinga med opp mot 40 prosent, noko han fryktar at vil føra til dårlegare avlingar.

Stor variasjon i jordprøver

Søyland sette i gang med å ta eigne prøver av fosforinnhald i jorda, både hos seg sjølv, i private hagar, på idrettsanlegg og kommunal eigedom. Dette gjorde han fordi han meiner at styresmaktene har eit for einsidig fokus på jordbruket, og ikkje ser på andre moglege kjelder til forureining. Resultata har han sendt ut i eit brev som er adressert til mellom anna nasjonale jordbrukspolitikarar og Gjesdal kommune.

Søyland har teke prøver av innmarksbeita sine som er gjødsla utelukkande med husdyrgjødsel. Dei elleve prøvene gav resultat mellom éin og seks på PA-L-skalaen, som er eininga ein bruker for å måla fosfor. Dette gjer ifølgje Søyland at det fosforet graset treng, må bli tilført med gjødsel. I brevet skriv han at dersom forslaget til forskrift går gjennom, vil det bli sett ei grense på 14 PA-L. Kjem ein over denne grensa, får ein ikkje bruka fosforgjødsel.

Han har testa seks private hagar, i Gjesdal, Hå og Bjerkreim. Her fekk han resultat frå 13 til 58 PA-L. På ein fotballbane utanfor kommunen, målte han innhaldet til 40. Søyland spør så kvar det blir av fosforet som plantene ikkje klarer å gjera seg nytte av. «Jo, det hamnar i vassdraget og fram til nå har landbruket fått skylda for denne forurensingen», svarer han sjølv. Jordprøven han tok ved Storahuset hadde eit fosfornivå på 12.

I brevet skriv han at kommunar, hageeigarar og idrettslag også må «begynne å ta ansvar for miljøet, dei kan ikkje berre velte ansvaret for forureining over på landbruket». Medan jordbruket må slutta med fosforgjødsel når hausten kjem, kjenner Søyland til tilfelle av hageeigarar som gjødslar året rundt.

Gudrun Kristensen, fagansvarleg for landbruk, natur og miljø i Gjesdal kommune, har lese brevet frå Søyland.

– Fosfortala Magnus fann, var eigentleg som venta. Private har ikkje dei same krava til å ta jordprøver og laga gjødslingsplan som bønder har. Det burde vera krav for all bruk av gjødsel, seier ho.

Kristensen fortel at det nyleg er innført ny lokal forskrift om spreiefrist i landbruket, men at det utover dette ikkje finst planar om nye, lokale reglar for gjødsling.

Ønskjer meir kvitkløver

Ifølgje Søyland forsvinn kvitkløveren om ein gjødslar for mykje. Han håper denne blomen kan få høg status hos hageeigarar, for då vil miljøet ha vunne. Dette er også Kristensen einig i.

– Alle må ta eit ansvar når det gjeld bruk av gjødsel. Hageeigarar bruker truleg alt for mykje. Eg har lyst å dra i gang ein konkurranse for alle som har hage, der det er om å gjera å ha størst dekning av kløver i plenen, seier ho.

Søyland viser også til at fosfor ikkje er ein fornybar ressurs. Han fryktar at mangel på fosfor i framtida vil gje redusert matproduksjon. Han meiner derfor at det bør bli innført totalforbod mot bruk av fosfor i hagar og parkar.

Reglar også for hageeigarar

At hageeigarar kan gjødsla som dei vil, stemmer ikkje, ifølgje seniorrådgjevar Anna-Sara Magnusson i Miljødirektoratet.

– All gjødsel av organisk opphav er regulert i gjødselvareforskrifta med krav til både innhald i sjølve gjødselvara og krav til bruk av gjødsel. Bruksområde som gjødselvareforskrifta regulerer, inkluderer jordbruksareal, private hagar, parkar, grøntareal og liknande, forklarer ho og viser til § 27 i forskrifta.

Også i forslaget til revidert forskrift er hagar inkluderte.

– Etatane har foreslått strengare krav til bruk av gjødsel både for jordbruksareal og andre areal som forskrifta regulerer, fortel Magnusson.

Departementa jobbar no med å vurdera forslaget til revidert gjødselregelverk. Det skal sidan ut på høyring, men dato for dette er ikkje sett.

Artikkeltags