Dette er framleis eit aktuelt spørsmål i denne valgkampen. Nokon parti ser seg blinde på stordriftsfordeler, andre ser stordriftsulemper.

Det er kanskje ikkje sikkert ein får ha helsestasjon, folkebibliotek eller Nav-kontor på Ålgård om me blir slått saman med f.eks. Sandnes? Kva ville skjedd med Nye Åboas dersom Sandnes hadde hatt ledige rom på Riska?

Det vil og være vanskeleg å fylle opp sidene i Gjesdalbuen med aktuelt stoff frå Gjesdal dersom det ikkje er eit eige lokalt kommunestyre som bidreg i beste evne med saker.

For ein ordførar og administrasjon kan det være vanskeleg å fylja opp for mange næringslivsaktørar direkte.

Gjesdal Senterparti har sendt ut ein invitasjon til dei andre partia. Dei kan garantera at Gjesdal skal få bestå som eigen kommune. Til nå har me fått positivt svar frå Krf, så all honnør til dei, men tilbudet til dei andre partia vil framleis stå der inn mot valget.

Innbyggjarane har rett til å veta, og me tenker dette kan være eit av dei få temaene som kanskje skiller litt på partia i kommunen.