Gå til sidens hovedinnhold

Ikkje gjer E39-prosjekta så flotte og dyre at ein ikkje kjem i gang med noko som helst!

Meninger Dette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.

Forslag til utbyggingsplan for E39 mellom Sandnes og Lyngdal:

1. prioritet: Strekningen Sandnes-Ålgård

  • Lang tunnel Vaula bru-Bråstein med tofelts veg og eit løp i tunell (noko som også leder av fylkets samferdselutvalg har foreslått). Då unngår ein rundkjøringer og køproblem på Ålgård
  • Planfrie kryss
  • Fart : 80-90 kilometer i timen

2. prioritet: Strekningen Ålgård-Lyngdal

  • Utbetre dagens E39 med ekstra felt/krabbefelt der det trengs og planfrie kryss
  • Fart: max. 90 km/t

Eg bur nær E39, og ser og høyrer trafikken. Ut frå trafikk-grunnlaget er det ikkje behov for fire felt. Årsdøgntrafikken er tidlegare målt til cirka 7000-8000 biler. Statens vegvesen opererer med ein årsdøgntrafikk på 12-14000 biler før det utløyser behov for fire felt.

Eg meiner at samferdselministeren må sjå heilskapen i vegutbygginga i Norge, og snarleg gå inn og prioritere kva veger som skal byggast ut. Det er mange riksveger i Norge som er smale og rasfarlege, og sårt treng utbetring.

Det går også an å utbetre jernbanestrekninger og få meir av godstrafikken over på jernbane, eventuelt båt. Dette vil gi god flyt i trafikken. I tillegg vert det teke vare på mykje god matjord. Det er tross alt maten me lever av!

Konklusjon: Ein må ikkje gjere dette vegprosjektet så stort og dyrt at ein ikkje kjem i gang med noko som helst. Tenk enkelt og samfunnsnyttig, og kom i gang!