Kommunen enda med 30 millionar kroner i pluss i fjor

Rådmann Knut Underbakke presenterer ein årsrekneskap der driftsresultatet blei 29,8 millionar kroner. Dette er 15,8 millionar svakare enn i 2017, ifølgje saksframstillinga hans.

Rådmann Knut Underbakke presenterer ein årsrekneskap der driftsresultatet blei 29,8 millionar kroner. Dette er 15,8 millionar svakare enn i 2017, ifølgje saksframstillinga hans. Foto:

Av

Rådmannen vil setja tre millionar kroner over på reservefond etter at det økonomiske resultatet i fjor blei betre enn venta.

DEL

Då rådmannen la fram forslag til budsjett for 2018, varsla han mindre økonomisk handlingsrom og behov for krevjande omstillingar. I budsjettet fekk alle tenesteområda trongare økonomiske rammer.

No er årsrekneskapen klar. Gjesdal kommune oppnådde eit netto driftsresultat på 29,8 millionar kroner. Resultatet tilsvarer 3,2 prosent av brutto driftsinntekter. Ifølgje Rogaland revisjon ligg det anbefalte minstenivået for netto driftsresultat på 1,75 prosent, medan kommunen hadde som mål at det skulle ligga på minst 2 prosent. Dermed gjekk det betre enn venta med Gjesdal kommune. «En ikke ubetydelig del av det gode driftsresultatet skyldes bruk av premiefond, som reduserer kommunens pensjonsutgifter med 10,3 mill kr», skriv Rogaland revisjon.

Tre år på rad

Dette kommenterer også rådmann Knut Underbakke i saksframstillinga si. «For tredje året på rad fikk Gjesdal i 2018 en betydelig bedre driftsbalanse enn budsjettert. Resultatet har vært hhv 3,8 % i 2016, 5,0 % i 2017 og 3,2 % i 2018», skriv han.

Dette forklarer han mellom anna med at det kom ekstra skatteutjamningsmiddel mot slutten av åra. I tillegg var det tal som gjaldt pensjonspremiefond og premieavvik knytt til pensjon, som slo annleis ut enn venta. I 2016 og 2017 spelte det også inn at samla finanskostnadar blei lågare enn budsjettert. Dei to siste åra fekk Gjesdal dessutan det rådmannen kallar for «betydelige inntekter til bosetting av flyktninger, ut over det som ble budsjettert».

Til saman meiner han at dette gjev høve for å styrka reservane til kommunen. Mindreforbruket var like under tre millionar kroner. Dette foreslår han å setja over på reservefond. Då vil det samla dispensasjonsfondet auka til litt over 100 millionar kroner, noko han meiner at vil gjera Gjesdal relativt godt rusta til å møta behova i framtida.

Sjølv om året enda med å gå godt i pluss, noterer rådmannen seg at utgiftene held fram med å auka, særskilt innan helse og velferd.

I 2018 fekk alle tenesteområda stramare rammer, og rådmannen meiner ikkje det er rom for å utvida desse i 2019, då behova ifølgje rådmannnen vil halda fram med å veksa meir enn inntektene.

- Rart at me går i pluss

Rekneskapen blei lagt fram for formannskapet førre gong dei møttest. - Det er rart at me går i pluss, samstundes som me høyrer om tronge tider i tenestene. Det er ei pedagogisk utfordring. Her er det ting å sjå på, for me ser at det kjem meir inntekter, sa varaordførar Henry Tendenes frå Høgre.

- Hadde me teke bort heile eller delar av den private eigedomsskatten, hadde me framleis gått med eit solid overskot. Eg berre nemner det. Me får ta den store debatten i kommunestyret, sa Espen Aaserud Karlsen frå Framstegspartiet.

- Eg kan kjenslemessig forstå at Tendenes og andre reagerer når det går i pluss. Samstundes, om ein skal tenka rasjonelt, er det vanskeleg å treffa planken akkurat i eit så stort budsjett. Eg vil gratulera rådmannen med overskot. Det er bra at me kom i pluss. Med så store summar, kunne nokon konjunkturar ha vore imot oss, og me ville ha gått i minus, sa Andreas E. Eidsaa jr. frå Kristeleg Folkeparti.

På måndag skal kommunestyret diskutera saka.

Artikkeltags