Gjesdal hadde åtte deltakarar fordelt på fem klassar, og med fire klassevinnarar var me sjølvsagt veldig godt nøgde. Me byrjar med dei yngste, og i klasse rekrutt haddeme med to deltakarar.
Olav Ree Sivertsen vart nummer tre med 338 poeng, berre to poeng bak vinnaren, medan Markus H. Solberg var uheldig og skaut eit skot i feil skive.
I klasse eldre rekrutt var Simon Sirekrok suveren med 349 poeng og vann med fem poeng til neste skyttar. Og systera Camilla Sirekrok skaut endå betre då ho la inn 350 poeng på denne spesielle skytinga der ho av dei 35 skota skyt 21 skot på kne! Klar førsteplass på Camilla.
På 200 m hadde me med berre ein deltakar, nemleg Olav Måge i klasse 3. Men han synte skikkeleg god skyting. Han nådde 328 poeng, og var åtte poeng føre nummer to i klassen. Og den klassen skyt her åtte kneskot, ni liggskot og atten ståande!
Så hadde me og med tre deltakarar i klasse V-73, og her var Per Gjesdal klar vinnar som ein av dei tre på stemnet med 350 poeng. Svein Kå. Søyland vart nummer to poenget bak medan Jarle Idland vart nummer seks etter våpenproblem.
Klasse 5 vart vunne av årets beste skyttar i Rogaland, Line Rødland frå Klepp med suverene 347 poeng.