Gamle Figgjo skole kan bli avlastingsskule

Til hausten flyttar Figgjo-elevane frå den gamle skulen.

Til hausten flyttar Figgjo-elevane frå den gamle skulen. Foto:

Av

Skuledirektøren vurderer om gamle Figgjo skole kan få nytt liv som avlastingsskule for skular under oppussing.

DEL

Til hausten flyttar Figgjo skole inn i flunkande nytt skulebygg. Kva som skal skje med den gamle skulen, er ikkje bestemt. Men Pål Larsson, kommunaldirektør for skulane i Sandnes, kan fortelja at dei no er i gang med å vurdera eit nytt alternativ.

Avlastingsskule

- Me vurderer om den gamle skulen kan bli brukt som ein fast avlastingsskule der elevar kan få eit skuletilbod når andre skular er under ombygging, seier Larsson.

Denne vurderinga blir gjort i samband med at Larsson og kollegaene er i ferd med å skriva ein skulebehovsplan. Her ser dei at fleire av dei store skulane i sentrum vil ha behov for oppussing. Spørsmålet blir då kvar elevane skal gå medan skulane deira får eit nødvendig løft.

- Me har tidlegare løyst det med modulbygg, men det tar opp plass på skulane, og reguleringa som må til, tar tid. Mange andre store kommunar har ein eigen avlastingsskule. Gamle Figgjo skole og gamle Hana skole er komne opp som alternativ for Sandnes kommune.

Hana eller Figgjo

Om skulebehovsplanen kjem til å anbefala Hana eller Figgjo, veit ikkje Larsson endå.

- Det kjem an på kor mykje ein må gjera med skulen. Figgjo skole er i bruk til august, og det blei bygd ny fordi den gamle var blitt for liten. Gamle Hana har ikkje vore i bruk på ei god stund, så ein må vurdera kva stand han er i. Dessutan må ein vurdera kor stor plass ein treng.

Politikarane har siste ordet

Larsson understrekar at ingenting er avgjort.

- Til slutt er det ei politisk avgjerd. Skulebehovsplanen skal bli lagt fram for bystyret i september.

Sandnes eiendomsselskap KF har tidlegare vurdert både barnehage, omsorgsbustadar og eldrebustadar på tomta.

Artikkeltags