Er Nye Veier i ferd med å verta ein gaukunge?

Av
DEL

MeningerNye Veier har vorte framheva av regjeringa for å byggja vegar mykje raskare og billegare enn Statens Vegvesen.

Spørsmålet er om ikkje denne effektiviteten har ein kostnad som er større enn ynskjeleg. I samband med planlagt utbygging av E39 mellom Sandnes og Lyngdal har Statens Vegvesen hatt ein prosess på korridorval mellom fleire alternativ. Grunneigarlag, bondelag, jordvernorganisasjonar og andre har lagt ned eit stort arbeid for å koma med høyringsuttalar og kommentarar til Statens Vegvesen sitt forslag. Lenge før høyringsfristen var ute, opplevde fleire grunneigarar at folk frå firma innleigde av Nye Veier, gjekk og steig på deira eigedom for å kartleggja moglege alternative traséar. Dette var altså utanfor dei korridorane som var på høyring.

På eit informasjonsmøte på Ålgård ein månad før høyringsfristen, får representanten for Nye Veier spørsmål om det er aktuelt å gå utanom korridoren. Svaret er at det har dei ikkje planar om. Høyringsfristen er knapt ute før Nye Veier sender ut forslag til reguleringsplan, der ein går langt utanom korridoren. Dette vitnar om ein total mangel på respekt for dei involverte partar, og dermed også for demokratiet. Som grunneigarar føler me oss tilsidesette og tråkka på.

Den tidlegare regjeringa har, med Frp i front, skrytt uhemma av kor raskt og billeg Nye Veier byggjer vegar. Men alle treng eit kritisk korrektiv. Det er mange eksempel i verda på korleis det kan gå der ein får tura fram utan motstand!

Stortinget har vedteke eit jordvernmål på nedbygging av maks 4000 dekar per år på landsbasis. Sterke krefter prøver å få dette redusert endå meir. Det er stor einigheit om at det er viktig å ta vare på dei skarve tre prosenta med matjord me har her i landet. Med det som bakteppe er det ikkje nødvendigvis alltid den billigaste utbygginga som er best for landet.

Send ditt leserbrev «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags