Meninger Dette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.
Senterpartiet ved Vidar Nedrebø stiller oss nokre spørsmål om politiet, via Gjesdalbuen.
Visste du at....?? Det er ei skryteliste som ikkje er heilt å tru på. Eg stiller nokre spørsmål på same viset, med svar som følgjer med
Visste du at sidan Senterpartiet tok over i 2021, har det vorte færre politifolk i distrikta? Visste du at i Sør-Vest politidistrikt er det 53 færre politifolk berre det siste året?
Det betyr at færre politifolk er på patrulje, driv førebyggjande arbeid eller handterer akutte hendingar. Det er alvorleg for innbyggjarane i Rogaland og i Gjesdal. Det kan vere ein av grunnane til at politiet ikkje alltid kjem når vi måtte ynskje det.
Visste du at Senterpartiet har pålagt politidistrikt å opne opp att lensmannskontor, til trass for at politiet sjølv, fagrørsla og ofte politisk leiing i kommunane åtvarar mot det?
Meir pengar til politibudsjettet med Senterpartiet i regjering
Det utarmar den operative slagkraften.
Visste du at det siste politidistriktet som åtvara mot nyåpning, blei pålagd å opne eit kontor for 5 politibetjentar, samstundes som dei må kutte over 50 årsverk i eige politidistrikt? (Nordland). Det må dei gjere for å få endane til å møtast. Administrative kostnader, lønns- og prisvekst elles stikk av med meir enn det budsjetta er auka med!
Visste du at kriminalitet før og no er som natt og dag? Ein større del av kriminaliteten har flytta seg til digitale flater. Særleg saker om overgrep mot barn har flytta seg til internett.
For å tilpasse seg denne realiteten, var det naudsynt med ei omorganisering av og satsing på politiet, slik Høgre gjorde i regjering. No er mykje av dette sett i revers!
Visste du at Høgre-regjeringa, då dei starta, måtte starta ei historisk satsing på politiet etter år med utarming? Visste du at det då blei 2500 fleire operative politifolk tilsette rundt om i landet? I tillegg til innkjøp av nye politihelikopter og bilar. Eg og Høgre ynskjer fleire politifolk i politidistrikta fordi dei er den viktigaste beredskapsressursen vi har i samfunnet.
Visste du at når politiet skal møta det nye kriminalitetsbiletet treng dei solide fagmiljø og at det er nok tilsette i politiet med rett kompetanse?
Me må alle jobbe for at politiet er til stades i distrikta. Det får vi gjennom fleire politifolk og patruljar som kan avverje at folk gjer kriminelle handlingar og forfylgje dei når det skjer. Framfor å prioritera å tilsetja fleire politifolk, vel justisministeren og Senterpartiet å bruka ressursar på å opna nye politikontor for syns skuld.
Vi må ta politiet framover, ikkje skru klokka tilbake og tru at lensmannskontora, slik det var før, er framtidas løysing. Eg ynskjer meg eit politi som kjem når du treng dei, same kor dei kjem frå! Eg vil ikkje ha eit politi som må sitje på eit kontor på dagtid å vente på dei som ikkje kjem innom.