Bompengedebatten fekk kommunestyret til å koka

Henry Tendenes (H), Vidar Nedrebø (Sp), Trygve Ravndal (Frp), Tom Kalsås (Ap), Andreas Eidsaa jr. (KrF) og Margunn Nedrebø (Sp) var eit knippe av politikarane som ville seia sitt om bompengar.

Henry Tendenes (H), Vidar Nedrebø (Sp), Trygve Ravndal (Frp), Tom Kalsås (Ap), Andreas Eidsaa jr. (KrF) og Margunn Nedrebø (Sp) var eit knippe av politikarane som ville seia sitt om bompengar. Foto:

Er det mogleg å seia nei til bompengar og ja til ny E39? Ja, meinte Gjesdal Frp. Nei, meinte fleirtalet. Medan Senterpartiet ville be staten svara på spørsmålet.

DEL

Måndag sa kommunestyret ja til bompengar på den nye og breie E39 som er planlagd mellom Ålgård og Lyngdal. Men det gjorde dei ikkje før dei hadde vore gjennom ein lang debatt der Senterpartiet og Framstegspartiet begge fremma alternative synspunkt.

– Bygg veg så fort som mogleg

Vararodførar Henry Tendenes frå Høgre var den fyrste som tok ordet.

– Det er viktig å koma i gang å bygga vegen så fort som mogleg, seier dei som bruker vegane mest, som er næringslivet, sa han.

Men han innrømte at bompengeprisen er høg.

– Det er ein makspris det er snakk om. Og næringslivet seier at det er dyrare for dei å stå i kø og ikkje koma fram. Dessutan blir dagens veg liggande, og der kan ein køyra gratis om ein ikkje vil betala, sa Tendenes.

Henry Tendenes frå Høgre er ikkje i tvil. Han vil ha ny veg.

Henry Tendenes frå Høgre er ikkje i tvil. Han vil ha ny veg. Foto:

Vil senda saka til staten

Senterpartiet ville derimot avvisa saka, sjølv om dei ønskjer seg ny E39. Det vil dei gjera fordi dei meiner det er eit statleg ansvar å vedta bompengar på ei statleg vegstrekning bygd etter ein statleg plan.

– Dale (Jon Georg Dale, samferdsleminister frå Framstegspartiet, journ. merk.) unnskyldar seg med at det er kommunale vedtak som tvinger han til å ha bompengar, sa Vidar Nedrebø og ønskte med forslaget at Frp-ministeren sjølv skal måtta ta ansvaret for ei delfinansiering med bompengar.

Han fekk full støtte frå Margunn Nedrebø i same parti.

– Det er ikkje kommunen som skal sitja med svarteper og få høyra at det er me som vil ha bompengar, sa ho.

Margunn Nedrebø frå Senterpartiet ville ikkje gå med på å vedta bompengar lokalt.

Margunn Nedrebø frå Senterpartiet ville ikkje gå med på å vedta bompengar lokalt. Foto:

Nye Veier, som skal bygga vegen, har tidlegare uttalt at det ikkje blir nokon veg om ikkje alle kommunane godtek bompengar.

– Me er ikkje redde for at dette forslaget veltar lasset. Me trur at liknande vedtak kan bli vedtekne i andre kommunar, sa Vidar Nedrebø.

Ordførar Frode Fjeldsbø hadde ikkje tru på at det kan bli veg utan eit kommunalt vedtak for bompengar.

– Me har ikkje noko val om me ønskjer denne vegen. Det har staten bestemt. La oss jobba knallhardt for å få bompengebelastninga ned slik at det ikkje blir for tøft for innbyggjarar og næringslivet, sa han.

Frp svarte på kritikk

Framstegspartiet kom, ikkje overraskande, også på banen i bompengespørsmålet. Dei ville seia blankt nei til bompengar og overlata finansieringa til staten. Espen Aaserud Karlsen frå Gjesdal Frp fekk kritikk frå dei andre partia då han tidlegare fremma dette i formannskapet. Det gjorde han fordi politikarar frå andre parti meinte at han ikkje kunne foreslå noko som ikkje var i samsvar med føringane frå regjeringa, der partiet hans sit.

– Me taler for Gjesdal Frp, og me tenkjer på kva som gjeld her. Me har gått til val på at me ikkje skal stemma for bompengar på E39, sa Karlsen og stod på forslaget sitt.

Tom Kalsås frå Arbeidarpartiet tok opp tråden frå debatten i formannskapet.

–Lokalt stemmer Frp imot bompengar, men dei stemmer for i Stortinget og viser til lokale vedtak. Og så er det me andre som får kjeft for bompengar. Men me får høyra at det ikkje blir veg utan bompengar. Det er freistande å stilla det spørsmålet Senterpartiet stiller. Er det me lokalt som skal ta kritikken, når ikkje partiet til samferdsleministeren stemmer for? Er det sånn at dei vil koma med meir pengar om me seier nei? Nei, om me seier nei i dag, så får me ikkje vegen som er sterkt ønskt av innbyggjarar og næringsliv, sa Kalsås.

Tom Kalsås frå Arbeidarpartiet kritiserte Framstegspartiet.

Tom Kalsås frå Arbeidarpartiet kritiserte Framstegspartiet. Foto:

Trygve Ravndal frå Frp gjekk opp for å svara på kritikken. Han har delteke på landsmøtet til partiet i helga.

– Det er ikkje noko problem med å seia nei til bom og få veg. Eg har vore i møte med Dale og Solvik-Olsen (Ketil Solvik-Olsen, tidlegare samferdsleminister) i helga, og kan helsa og seia at nei til bompengar er ikkje nei til veg. Det finst andre finansieringsmodellar som Frp går for. Det finst pengar. Det har kome inn uventa inntekter til oljefondet som er mange gongar høgare enn det me betaler i bompengar. Det er ikkje noko problem å ta bompengane bort, hevda Ravndal.

Trygve Ravndal frå Framstegspartiet meinte det var realistisk å få ein veg utan bompengar.

Trygve Ravndal frå Framstegspartiet meinte det var realistisk å få ein veg utan bompengar. Foto:

Andreas E. Eidsaa jr. frå Kristeleg Folkeparti bad etter dette om å få ein replikk.

– Eg har to døtrer som får betaling for å ta oppvasken. Dei kan gjera eigne vedtak om å få vekepengar utan å ta oppvasken, men dei kan ikkje bestemma det, fordi eg har sagt at dei må ta oppvasken for å få pengane. Me må følgja spelereglane, sa han.

Klar for å klara seg utan ny veg

Så langt i debatten hadde alle talarane eit felles ønske om å få ein ny E39. Siste debattant, Torbjørn Fjermestad frå Senterpartiet, viste seg å vera ueinig i dette.

– Kvar er alle desse køane Henry (Tendenes, journ merk.) og Torvald (Hetland, KrF, journ. merk.) snakkar om frå Skurve til Gyland? Det er berre kø der om det er snø eller trafikkulykke på strekninga. Eg er blitt reinhekla motstandar av heile vegen. Eg har snakka med ganske mange langtransportørar som seier at dei ikkje har bruk for firfeltsveg om dei i staden får krabbefelt og forbikøyringsfelt på nokon kritiske stadar, sa han.

Torbjørn Fjermestad frå Senterpartiet blir ikkje lei seg om heile nye E39 sørover blir skrinlagd.

Torbjørn Fjermestad frå Senterpartiet blir ikkje lei seg om heile nye E39 sørover blir skrinlagd. Foto:

Vidare argumenterte Fjermestad mellom anna med at det kjem til å gå med produktiv matjord i Søylandsdalen. Han var også sterkt kritisk til punkt fem i forslaget frå Nye Veier som gjeld moglege tiltak på gamle E39: «Dersom trafikken på sideveier langs strekningen viser seg å bli for stor, skal det vurderes trafikkregulerende tiltak på disse veiene.»

– Me gjev frå oss styringsrett ved å vedta dette, sa Fjermestad.

Vedtaket

Då debatten var over, blei forslaget om delfinansiering med bompengar vedteke mot stemmene til Senterpartiet og Framstegspartiet. I tillegg la eit samla kommunestyre til to punkt der det mellom anna går fram at dei meiner at ein bør vurdera å utvida nedbetalingstida for E39 for å redusera belastninga for trafikantane. Dei presiserer også at det er ein føresetnad at folk og næringsliv i Dalane og på Jæren blir knytte opp til nye E39 med gode tilførselsvegar.

Utbyggingssjef Anne Stine Johnson og kommunikasjonsrådgjevar Geir Gjervan frå Nye Veier følgde med på kommunestyremøtet. Gjesdal kommune er den fyrste kommunen som behandlar bompengesaka deira.

Utbyggingssjef Anne Stine Johnson og kommunikasjonsrådgjevar Geir Gjervan frå Nye Veier følgde med på kommunestyremøtet. Gjesdal kommune er den fyrste kommunen som behandlar bompengesaka deira. Foto:


Artikkeltags