Gå til sidens hovedinnhold

Bil mot buss i Skrebergvegen

– Det er ikkje meldt om alvorlige skader, melder politiet på Twitter.

(Jærbladet)

Like etter klokka 14.00 onsdag meldte politiet om ein kollisjon mellom personbil og buss i Skrebergvegen i Time kommune, like ved grensa til Gjesdal.

– Ein bil og ein buss har vore involverte i eit trafikkuhell, og bilen har så sklidd av vegen som følge av det, seier politibetjent, Patrick Fardal.

Det er vanskelege køyreforhold på staden.

Føraren av personbilen skal vere ei ung kvinne som no er sendt til legevakt for sjekk. Bussjåføren skal ikkje vere skadd, og det skal ikkje ha vore passasjerar i bussen.

Bilbergar eg på veg til staden.