Barnehagebarn skal ikkje testast.

Hurtigtestane blir delt ut frå skulane, og kvar kommune/skule vil gi nærare beskjed til foreldra om tidspunkt for henting.

Dette tiltaket er i tråd med anbefalingane frå Folkehelseinstituttet (FHI) og Helsedirektoratet.

Dei som har hatt covid-19 dei siste tre månadane, eller har fått oppfriskingsdose for minst 7 dagar sidan, treng ikkje testa seg.

-Hald deg heime dersom du er sjuk

– Dette tiltaket kan luka ut dei som på test-tidspunktet kan smitta andre, men det gir ingen garanti for å ikkje ha covid-smitte anna enn akkurat den dagen du vert testa. Det er difor viktig å halda seg heime og testa seg dersom du får nye luftvegssymptom, seier kommuneoverlege Gerd Signy S. Omland i Hå kommune i ei pressemelding.

-Ver obs på symptom

Barn under 18 år skal vera i heimekarantene dersom nokon dei bur i hus med eller er svært tett på (eksempelvis har vore på overnatting hjå eller leika mykje inne saman med) testar positivt. Dei skal då ikkje gå på skule eller i barnehage.

Dei kan derimot gå på skule og barnehage dersom nokon dei har truffe utanfor heimen har testa positivt.

– Sjølv om dei er fritekne karantene kan barna verta sjuke og smitta andre. Me tilrår difor at foreldre er svært forsiktige i ein slik fase, og held ungane heime frå fritidsaktiviteter og besøk ei veke etter kontakten, seier kommuneoverlege Roman Benz, i Klepp kommune.

Eksempel: Familien har vore i nyttårsselskap der nokon viser seg å testa positivt. Dersom barnet ikkje har vore tett på den smitta, kan han eller ho gå på skulen. Men det er viktig å avgrensa fritidsaktivitetane ei veke fram i tid.

Gult nivå

Alle skulane og barnehagane i dei fire kommunane skal halda fram på gult nivå.