Under Landstreffet for russen tek arrangørane i bruk ein ny app. Ein av funksjonane på appen er at arrangørane kan vita kvar på området det er russ.

– Appen samlar inn anonym stadsdata. Me veit ikkje kven som beveger seg rundt på området, berre at ei eining gjer det, fortel Aasmund Lund.

Nettvarde

For å få til dette, tek dei i bruk beacons-teknologi. Ifølgje nettsidene til Datatilsynet, som gjev beacons det norske namnet nettvardar, er dette små einingar som sender ut informasjon som kan bli plukka opp av mobiltelefonar i nærleiken. Desse blir sende ut ved hjelp av Bluetooth-teknologi, og har eit dekningsområde på opptil 70 meter. Alle nettvardane sender ut ein unik ID. Når denne blir lesen av i appen, kan det utløysa ei handling i appen. Appen kan også registrera om ein mobiltelefon kjem inn i eller går ut av ei sone. Den som er ansvarleg for appen, kan dermed kartlegga kva nettvardar brukaren har vore i nærleiken av, og kva tid brukaren var der, utan at brukaren merkar det. Men ein er altså avhengig av at Bluetooth er aktivert.

Tilpassar meldingar

– Korleis blir informasjonen frå appen brukt?

– Me kan tilpassa meldingane som går ut til brukarane av appen. Det kan vera at det er kort tid før favorittartisten går på scenen, unike tilbod og hendingar eller tips om kvar ein skal gå for å unngå kø. I tillegg vil tryggleiken til gjestane vera endå betre teken hand om, og teamet kan i etterkant optimalisera området for neste års gjestar, opplyser Lund.

– Blir brukarane gjort klar over at dei anonyme dataa blir samla inn?

– Det står i AppStore når dei lastar ned appen, svarer Lund.

I app-informasjonen kan ein lesa følgjande: "Denne appen kan bruke posisjonen din selv når den er lukket, noe som kan påvirke batterilevetiden."

Må sikra anonymitet

Guro Skåltveit er senior kommunikasjonsrådgjevar hos Datatilsynet. Ho har ikkje sett på den spesifikke appen, men kan på generelt grunnlag fortelja kva som skal til for at ein slik app skal halda reglane for personvern.

– Det som er viktig, er at det er reelt at det er anonymt. Tryggleiken må vera god nok, slik at det ikkje plutseleg viser seg at det ikkje er anonymt likevel. Så lenge tryggleiken er på plass, høyrest det ut som ei løysing som er eit godt tilbod for den enkelte. Og så er det jo frivillig å bruka appen, og han er basert på samtykke, seier ho.