(Dalane Tidende): Mens Victor Fuglestad (5) har «sykkelsti» i fjoset og knapt ensar dei digre, bustete hovuda og dei lange tungene han nesten sneiar borti, finst det ungar som knapt har vore inne i eit fjos eller i nærkontakt med eit husdyr. Dét er synd, synest bondelaga og bygdekvinnelaga. Derfor arrangerer dei Open gard. Hensikta er å visa fram kva gardslivet har å by på, til folk som ikkje er husvarme i eit fjos.

– Bondelaga og bygdekvinnelaga i Bjerkreim og Gjesdal har i fleire år samarbeidd om å arrangera Open gard, annakvart år i kvar av kommunane. Dette blir første gongen sidan før pandemien. Normalt har det vore eit sommararrangement, men nå ønsker me å prøva oss i november, seier Håvard Nevland, som er leiar i Bjerkreim bondelag.

Plass til alle

Vertskap for Open dag komande sundag er Anne Gro og Livar Fuglestad. Garden deira ligg i gamle Bjerkreim sentrum.

– Pleier ikkje Open gard-arrangementa å vera svært populære? Kor mange hundre gjester kan de ta imot?

– Ja, det var det, då, smiler Livar.

– Besøkstalet tidlegare år har vore 500-600. Her er plass til alle, forsikrar Håvard Nevland.

Han forklarer at arrangementet varer i 3,5 timar, og at både dyr og aktivitetar vil vera spreidde over eit stort område. At det blir trengsel, er derfor ikkje sannsynleg.

Parkeringskapasiteten skal det heller ikkje stå på.

– Arrangementet vårt begynner ikkje før etter gudstenesta, så heile plassen utanfor kyrkja/Bjerkreim skule kan brukast til parkering, informerer Livar Fuglestad.

Rekvirerer hest og gris

På garden sin driv Anne Gro og Livar med ammekyr og sauer. I tillegg er dei sjølvforsynte med høner, hundar, katt og kanin. Hestar og griser flytter til gards i anledning Open dag-arrangementet. Hestane bur til vanleg i Gjesdal. Grisene skal Håvard ha med seg heimanfrå Steinsland.

– Fang ein gris blir éin av aktivitetane på sundag, ler grisebonden og bondelagsleiaren.

Gildt, lærerikt og matnyttig

På programmet står òg gjetarhundoppvisning. Jarl Nord-Varhaug frå Brusand skal visa kor god hjelp han har i hunden sin når sauene skal samlast. Anthony Vassbø skal demonstrera saueklipping, og viss du lurer på korleis sauen si klesdrakt blir forvandla til genserar og sokker til deg og meg, vil du få svar på sundag.

Håvard Nevland røper endå litt meir av kva dagen vil innehalda:

– 4H tilbyr ansiktsmåling. Det blir anledning til å få seg ein tur på hesteryggen og til å hoppa i halmen. Dei som vil visa kva dei kan om gardsdrift og dyr, eller som vil læra litt meir om det, bør prøva seg på rebusen vår. Sidan det nærmar seg advent, skal me ha ein liten juleverkstad for ungane, og så blir det sjølvsagt sal av mat. Bygdekvinnene serverer graut.

– Og pølser, vel? spør Victor - men får visst ikkje det svaret han helst ville hatt.

Valfartet til gårds

Nina Laksesvela inviterte Sylvi Listhaug "inn på tunet": Velferdstilbudet i Bjerkreim skal hjelpe dalbuer som har spesielle behov